Sander Håskjold Nyland, Aftenposten-skribent.

Etter 720 speleminutt er fyrste serierunde over. Sandefjord drog i land ein sterk siger i comebacket mot Bodø/Glimt. Sanel Kapidzic sende publikum på Isachsen Stadion til himmels med si matchvinnarskåring mot Viking. Rosenborg gjor kort prosess på eit sjanselaust AAFK. LES MER: Alle innlegg fra Aftenposten Supporter

Og Odd tok revansj etter fjorårets tap for Molde i cup— og seriespel. Inntrykka er mange. Dette er fem ting vi hugsar best frå serieopninga.

1. Tidenes yngste kaptein:

Kristoffer Ajer, Start-kaptein og 16 år. Foto: NTB Scanpix

I vinter blei Kristoffer Ajer valt inn i kapteinsteamet til Start, og i februar debuterte han som kaptein i treningskampen mot Aafk. Gudmundur Kristjansson, som normalt sett er Starts kaptein, var ikkje med til Åråsen grunna skade, og det var knytt spenning til kven som skulle ta på seg bindet i møtet med Lillestrøm tysdag kveld. Mons Ivar Mjeldes val falt på 16 år gamle (unge) Ajer – trass i erfarne spelarar som Håkon Opdal, Espen Hoff og Espen Børufsen i startoppstillinga. Til samanlikning er Ajer 20 år yngre enn LSK-kaptein Frode Kippe. I går kveld blei stortalentet tidenes yngste kaptein i eliteserien, og det er det som sit sterkast i minnet frå serieopninga. Gratulerer!

2. 41 år unge Frode Johnsen:

Frode Johnsen scoret Odds første mål i 2-1-seieren over Molde i går. Foto: NTB Scanpix

Dei to siste sesongane har Frode Johnsen notert seg for heile 27 skåringar i Tippeligaen. I går gjor han det igjen. Ved sidebyte tok han over spissplassen til ein svak Olivier Occéan, og etter snaue 10 minutt på bana dunka han ballen i mål på halv-volley. 41 år unge Johnsen leverer fortsatt på eit høgt nivå, og det blir spanande å følgje om han rundar 10 mål denne sesongen også. Ein hyllest til spydspissen er absolutt på sin plass. Legg aldri opp!

3. Elyounoussi med definisjonen på skot i vinkelen:

Mohamed Elyounoussi banket ballen i krysset da han utlignet til 1-1 mot Odd i går. Det holdt likevel ikke til poeng. Foto: NTB Scanpix

Etter at Frode Johnsen sende Odd i føringa var det Molde for ”alle penga” på Aker Stadion. Heimelaget sleit med å omsetje sjansane, og det såg lenge ut til å ende med 1-0 siger til telemarkingane. Men i det 89. speleminutt ville Mohamed Elyounoussi forsøke å gjer noko med det. ”En, to, tre – på det fjerde skal det skje”, seiast det. Og det var akkurat det som skjedde. Tre små touch brukte han på å leggje ballen til rette etter ei pasning frå Ola Kamara. Vidare blei ballen, på elegant vis, curla i lengste kryss på den fjerde touchen — utagbart for Rossbach i Odd-målet. Diverre for Molde enda det med tap, men rundens mål er jo betre enn ingenting. s

4. 19.872 tilskodarar på Lerkendal:

Odd Iversen ble hyllet på lerkendal før serieåpningen mot Aalesund mandag. Foto: NTB Scanpix

Nærmare 20.000 tok turen til Lerkendal måndag kveld. Hyllesten av RBK-legenda Odd Iversen i forkant av kampen rørte alle og ein kvar, og angrepsfotballen heimelaget varta opp med var strålande. Ingebrigtsens menn såg til tider ut som Rosenborg under Eggen i glansdagane, og 5-0 var ikkje for mykje føre ein nesten fullsett Lerkedal. Ei høgst respektabel serieopning av Trollongan.

5. Viking snytt for straffe:

ta453103.jpg

Feil skjer heile tida – både av spelarar, trenarar, arrangørar og dommarar. Diverre var feilen av dommar Brage Sandmoen på Isachsen Stadion måndag ettermiddag av det grove slaget. På stillinga 0-0 kom Veton Berisha på eit av mange sugande løp inn i 16-meteren. Spissen fekk ein touch på ballen før ein utstormane Ivar Forn, men det var umogleg for Vikings nr. 10 å halde seg på beina etter fellinga frå Mjøndalens keeper. Heile Viking ropte på straffe, men korkje hovuddommar Sandmoen, eller hans assistentar, fekk med seg hendinga. Særs synd for Viking som ville fått ein god skåringsmoglegheit frå krittmerket. I staden var det heimelaget som drog sigeren i land i Tippeliga-comebacket…