For ei veke sidan gav Sindre Eid beskjed om at han gir seg som hovudtrenar i Hødd etter sesongen. Han hadde då hatt hovudansvaret i klubben dei to siste sesongane. I ettertid har det pågått diskusjonar i sosiale medium som har gått på måten Eid har blitt behandla på. Det gjeld både på sosiale medium og på heimekampane. Hødd-spissen Michael Karlsen la onsdag ut fleire meldingar på Twitter der han hylla Eid. Men han kom også med denne meldinga:

Reagerer: Sentrale spelarar i Hødd si spelargruppe meiner at nokre få såkalla Hødd-patriotar har gått langt over streken i måten dei har kritisert hovudtrenar Sindre Eid på. Både frå tribunen og i sosiale medium. Og no ropar spelarane eit varsku – slik vil dei ikkje ha det. Frå venstre: Lagkaptein Jesper Törnqvist, Eirik Ulland Andersen og Michael Karlsen. Biletet er teke etter måndagens treningsøkt. Foto: Marius Bøstrand

«Enkelte folk her i Ulsteinvik må gå i sæ sjøl. Sånn oppførsel bør vi holde oss for go for».Sjølv om det er Karlsen som uttaler seg i saka, så støttar også kaptein Jesper Törnqvist innhaldet og vil gi Eid støtte gjennom dette intervjuet. Ingen av dei ynskjer å gå konkret inn på kva som er blitt sagt.

Over streken

– Det er mange som bryr seg om Hødd. Det er bra med stor interessa, og det er noko vi set stor pris på. Eg forstår at folk reagerer på at vi taper og har vore ustabile, men enkelte ting har gått over stokk og stein, seier Karlsen. Sunnmørsposten veit at mange i Hødd-miljøet har reagert sterkt på ting som har vore skrive både i sosiale medium og ropt undervegs i kampar.

– At det skal vere person-angrep og hets av trenaren vår og dei som er rundt han, er heilt uakseptabelt. Det er lavmål av vaksne menneske å halde på med slike ting, seier han.

Karlsen ønsker ikkje å gå inn på eksempel på det som har vore sagt og skrive. Men han understrekar at det ikkje er mange som har vore ufine.

– Vi har vore i topp fire i nesten heile år. Det er greitt at vi har vore litt ustabile, men vi har hatt ein god sesong. Vi har eit fantastisk publikum, så er det nokre få som øydelegg.

Vann for Eid

– Det var ekstra herleg å vinne for Sindre mot Brann. Han fortente det, han er ein populær trenar i spelargruppa.

Dagleg leiar Teddy Moen i Fotballtrenerforeningen meiner det skjer mykje som ikkje er greitt i sosiale medium.

– Eg trur det er mange trenarar som opplev mykje som er over streken. Det verkar som det er meir uforpliktande å hive ut ting der, som ein kanskje ikkje ville gjort elles. Det er ei trist utvikling det ikkje er lett å bremse, seier han.

Han meiner ein trenar må leve med litt slenging av meldingar, men alt har ei grense.

– Om nokon gir seg på grunn av hets og sjikane, så er det tragisk. Då veit ein at ting har gått for langt, seier Moen.

Utsett posisjon

Sindre Eid sjølv understrekar at han ikkje gir seg på grunn av dette.

– Når eg og familien bur i Ulsteinvik og eg er trenar her, er du i ein utsett posisjon. Det gjeld både deg sjølv og dei som er nær deg. Men hovudgrunnen til at eg gir meg, er fordi eg må puste litt og lade batteria, seier han til Sunnmørsposten.

Eid blir truleg med som trenar på eitt eller anna nivå i Hødd neste sesong, men det er jobben som marknadssjef som er viktigast.

– Eg er fornuftig nok til å distansere meg frå sosiale medium, men eg har fått referert ting som står der. At det blir diskutert kven som skal starte og kva vi kunne gjort annleis, er heilt greitt. Men når det kjem dit at det går på person, så synest eg vi må passe på å ikkje strekke strikken for langt.

Han vil helst bruke tida på den viktige kvalifiseringskampen mot Jerv på søndag.

– Å vere fotballtrenar er eit tøft yrke. Du bruker veldig mykje av deg sjølv, og då bør det vere unødvendig å bli utsett for slike ting, seier han. Sportssjef André Nevstad understrekar at han ikkje følger med i sosiale medium, men han oppmodar folk til å oppføre seg.

– Vi har hatt ei stor auke i interessa rundt klubben. Vi set pris på engasjementet, men det gjeld å takle ballen og ikkje mannen. Vi vil heller fokusere på det positive som denne entusiasmen skaper, seier han.