Hønefoss — Hødd 1-3

– Dette var ein fantastisk lagsiger. Å snu dette på bortebane er vanvittig sterkt, seier målscoraren til smp.no etter kampslutt.

Han synest at både han sjølv og laget presterte godt også før pause, og at dei var litt uheldige som blei liggande under etter dei første 45 minuttane.

Etter pausen framstod Hødd botnsolide, og tok heilt over initiativet i kampen. Dei gjekk rett i angrep frå første sekund, og fekk tidleg uttelling for det. Med halvtimen igjen av kampen sette Sveen inn 2-1-målet som gav Hødd tre imponerande bortepoeng.

– Veldig deilig å opne målkontoen. Eg har hatt mange sjansar denne sesongen som har gått like utanfor mål og stroke stolpen, så dette var godt, seier han.

Trefte med pausepraten

Hødd-trenar Sindre Eid var meget nøgd med tre poeng på ein tøff bortebane, og likte godt korleis laget hans framstod etter kvilen.

– Me snakka i pausen om at om me berre fortsette med å trille balle og halde bevegingane, så kom me til å snu dette her. Me følte at me var betre enn dei, og ting gjekk etter planen i andre omgang, seier Eid til smp.no.

Innbytarane leverte

På stillinga 2-1 til Hødd sette Eid innpå Michael Karslen og Torbjørn Kallevåg. Det fekk han bra uttelling for. Karlsen la opp til 3-1 scoringa som Kallevåg sette kontrollert inn på bakre stolpe.

– Dei avgjorde kampen for oss på slutten der. Det er godt å sjå at dei er med og bidreg på denne måten, seier Eid.

Onsdag skal Hødd spele borte mot Fana i cupen før dei på søndag tek i mot Nest-Sotra til dyst på nye Høddvoll.

Vi fulgte kampen: