Hønefoss — Hødd 1-3:

Scoringar av Joachim Magnussen, Ole Amund Sveen og Torbjørn Kallevåg gjorde at Hødd er tilbake på vinnarsporet i 1. divisjon.

Hødd gjekk offensivt ut i kampen mot Hønefoss søndag, og allereie før 30 sekund var spelt fekk Hødd si første avslutning på mål. Omtrent direkte frå avspark gjekk Hødd og Eirik Ulland Andersen på ein fin overgang som enda opp i eit godt avslutningsforsøk frå Magnus Myklebust. Men diverre for Ulsteinvik-laget var avslutninga frå Hødd-kanten frå skrått hald for svak og gjekk rett på keeper.

Knuste Falch i duellen

Hødd var best i første del i kampen, og hadde mykje ballinnehav. Men sjanseproduksjonen uteblei, og det utnytta vertane.

For i det 20. speleminuttet satt den for Hønefoss på corner. Christian Aas svinga ballen presist inn mot ein oppdekka Hødd-keeper inne i feltet. I duell med kraftpluggen Abdoulaye Seck mista Aslak Falch ballen inne i feltet. Der stod Hønefoss sin midtbanespelar Ugonna Anyora umarkert på returen og sette ballen kontrollert inn i det opne Hødd-målet til 1-0. Det var hans andre scoring for sesongen.

Magnussen burde utlikna

Joachim Magnussen hadde fått tillit frå start som spiss for første gonge denne sesongen. Og like etter Hønefoss si scoring kunne Fosnavåg-guten ha utlikna for Hødd. Ein fantastisk ball frå Ulland Andersen gjorde at spissen plutseleg var aleine med Lukasz Jarosinski i Hønefoss-målet. Men ein litt for hard førstetouch gjorde at vinkelen på mål ikkje blei optimal, og ein god inngripen frå Hønefoss-keeperen gjorde at det blei redning og ikkje utlikning i den situasjonen.

Etter sjansen til Magnussen tok Hønefoss meir over banespelet, og var nærare 2-0 enn at Hødd utlikna. Kevin Beugre sette ballen i mål etter ein vakker prestasjon inne i Hødd-feltet, men linjemannen vinka for offside i situasjonen der angriparen mottok ballen.

Pangstart på omgangen

Som i den første omgangen gjekk Hødd rett i strupen på Hønefoss frå avspark og kom til ei brukbar avslutning ved Eirik Ulland Andersen.

Og før fem minutt var spelt kom utlikninga for for Hødd. Etter ein god Hødd-overgang endte Ulland Andersen opp med ballen sentralt i banen, om lag 30 meter frå Hønefoss-målet. Der løfta han blikket fint og fann Magnussen med ei utsøkt pasning.

Og denne gongen gjorde ikkje Magnussen noko feil aleine med målvakta. Får litt skrått hald banka han ballen vakkert inn via stolpen, heilt utagbart for Jarosinski i Hønefoss-målet. 1-1, og Hødd hadde fått uttelling for den gode starten på omgangen.

Snuoperasjonen komplett

Med halvtimen igjen av kampen var snuoperasjonen komplett for Hødd. Etter at Hødd hadde pressa Hønefoss ei stund, tok Ole Amund Sveen tak i ein retur ute venstresida, spelte vegg med Magnussen, og forserte inn i Hønefoss feltet. Frå venstresida inne i feltet sendte han ballen vakkert i motsatt hjørne, til ellevill jubel blant Hødd-spelarane og på Hødd-benken.

Med i underkant av ti minutt igjen av kampen gjorde Hødd-sjef Sindre Eid to spelarbyte. Ut gjekk målscorar Joachim Magnussen og Eirik Ulland Andersen, og inn kom Torbjørn Kallevåg og Michael Karlsen.

Og det er ikkje det dummaste den tidlegare Hødd-spelaren har gjort. Like etterpå drog Karslen seg ned til dødlinja og serverte eit godt innlegg mot Kallevåg, som bømlingen diverre for Hødd bomma på.

Like etter var oppskrifta den same, men uttellinga ein annan. Innlegget frå Karlsen på bakre stolpe var upåklageleg, og Kallevåg si avsltunigng det same. Med det fastsette han sluttresultatet til 3-1, og sette inn sitt første seriemål for Ulteinvik-laget, som med det reiser heim med tre knallsterke poeng i bagasjen.