Aasbak blei den store helten på Høddvoll i kveld då han avgjorde kampen mot Follo med si 2-0-scoring i første omgang. Det var Aasbak sitt første mål sidan overgangen til Hødd i vinter.

– Jævlig artig. Eg har vore nære på eit par gongar no, så det var veldig godt å sjå at den endeleg gjekk inn, seier Aasbak til smp.no etter kampen.

Med 2-1 over Follo er Hødd tilbake på vinnarsporet, etter fire strake seriekampar utan siger. Scoringa som avgjorde det heile var ei avslutning ein klassespiss verdig.

– Det kjem eit legg frå høgresida som går gjennom feltet. Så får eg eit veldig godt førstetouch, og plasserer ballen opp i krysset, seier han og smiler.

Sleppte seg nedpå

Han synest Hødd opna kampen mot Follo sterkt, men at dei mista aggressiviteten etter 2-0-scoringa, og sleppte Follo inn igjen i kampen.

– Eg synest me gjer ein bra første halvtime. Då er me aggressive og spelar bra fotball. Så får me 2-0, og mistar litt aggressiviteten etter det, og me gir dei mykje rom, seier han.

Han meiner at det utover i andreomgangen blei ein forsvarskamp, der det berre handla om å ro dei tre poenga trygt i land.

– Me visste at me kom til å møte eit veldig bra lag som er god til å spele ball. Det blei ein forsvarskamp i andre omgang der. Me blei litt seine heile vegen. Eg trur det var mange som blei slitne utover i andreomgangen, og det var bare sigeren som gjaldt. Utruleg godt at me klarte det til slutt, seier han nøgd..

– Veldig glad for at eg valte Hødd

Etter ein svært god sesong for Byåsen i 2. divisjon i fjor, valte Sindre Eid å hente 21-åringen til Ulsteinvik før denne sesongen. Det er Aasbak svært glad for no.

– Eg synest det har gått veldig bra. Eg har fått spelt kvar kamp og slepp meg meir og meir laus på banen. Det er svært artig å spele med dette laget. Me jobbar veldig godt saman kvar dag for å bli så gode som mogleg. Eg er først og fremst veldig glad for at eg valte Hødd, seier han.

Ser fram til fotballpausen

No er det tre veker til neste Hødd-kamp i OBOS-ligaen. Då ventar Kristiansund på bortebane. Men før det skal spelarane få ein velfortent ferie etter ein velluka vårsesong for Hødd-laget. No har fått ti dagar fri før dei skal møtast igjen.

Aasbak fortel at han skal feriere ei veke i syden før han tek nokre dagar heime i Trondheim.

– Det skal bli godt med ferie no. Me ønska oss veldig ein siger i dag, slik at me kunne vise at me skal vera med i toppen utover hausten, seier han.