Det skilte berre tre poeng mellom laga før kveldens runde i OBOS-ligaen. Og i opninga av kampen var det også svært jamnt og forsiktig mellom Hødd og Follo ute på kunstgraset på Høddvoll. Begge laga var avventande, og trilla mykje ball utan noko tempo.

Christoffer Aasbak Foto: NTB Scanpix

Men like før kvarteret var spelt på Høddvoll tok Ole Amund Sveen ansvar for heimelaget, og banka Hødd opp i leiinga. Midtbanespelaren mottok ballen midt på Follos halvdel, og sette direkte fart mot mål. Med ein Follo-spelar jagande bak han, fyrte han av frå om lag 20 meters hald. Skotet var vakkert og ballen suste kontant inn i nettet til 1-0 bak ein sjanselaus Jonathan Rasheed i Follo-målet.

Sjansefattig første halvtimen

Like før halvtimen var passert kom Follo til sin første skikkelege sjanse då midtstoppar Torstein Mjønner fekk hovudet på ein corner frå høgresida. Frå fem-ti meter fekk Follo-spelaren til ei skummel avslutning, men heldigvis for Hødd fekk han ikkje skikkeleg klem på headinga, og forsøket gjekk like til side for mål.

Hødd styrte det meste som skjedde på Høddvoll den første halvtimen, men sleit også med å skape mange farlegheiter. Ole Amund Sveen trudde han hadde lagt på til 2-0 like før sjansen til Mjønner, men blei heilt korrekt vinka for offside i det han mottok ballen frå Magnus Myklebust i offside-posisjon.

Aasbak sitt første

Vi fulgte kampen live!

Med fem minutt igjen av omgangen, i ein god Follo-periode, dobla Hødd leiinga litt ut av intet. Bendik Dybdal Torset kom seg fint fri ute på høgrekanten og fekk slått eit bra innlegg inn i Follo-boksen. Ballen var innom Eirik Ulland Andersen sitt hovud på veg bak i feltet, der Aasbak hadde lurt seg inn. Med Akinbola Akinyemi i ryggen banka han ballen opp i nettaket, og sette med det inn 2-0, og si første scoring i Hødd-drakta.

Klasse-kontring

Og i det Hødd såg ut til å gå til pause med ei komfortabel 2-0-leiinga, straffa gjestane frå Ski Hødd på ei kontring minuttet før kvilen. Plutseleg var bortelaget i ein to mot to-situasjon, med ballen ute på venstresida ved lynraske Akinyemi. Han forserte med ballen langs venstresida før han fann Christian Bwamy inne i feltet med ei utsøkt pasning. Aleine med Falch i Hødd-målet gjorde Bwamy ingen feil, og sette ballen i mål bak rogalendingen.

Dybel Torset med kjempesjanse

Den andre omgangen starta friskt for heimelaget, og allereie etter fem minutts spel burde Dybdal Torset auka leiinga til Ulsteinvik-laget. Myklebust drog seg fint ned til dødlinja, og slo ballen langs bakken inn i feltet til Dybdal Torset, som hadde plassert seg fint inne i boksen. Men avslutninga til Larsnes-guten gjekk rett på Follo-keeperen, og

Etter sjansen til Dybdal Torset roa det seg veldig ned på Høddvoll, og begge laga starta å trille mykje ball, utan særleg tempo i angrepsspelet. Hødd låg kompakt med mange mann bak ballen, og lot Follo få trille mykje på midten utan at det resulterte i noko særleg hos bortelaget.

Forsvarte inn tre poeng

Sjansemessig var Hødd farlegast frampå også i den andre omgangen. Men det var ikkje meir enn nokre halv-sjansar til begge lag. Etter kvart handla det om å forsvare inn dei tre poenga for Hødd.

Like før slutt heldt det på å ryke for heimelaget, då Akinyemi på lekent vis tråkla seg gjennom halve Hødd-laget. Men avslutninga frå fem meters hald blei for svak frå angriparen, og ballen trilla til side for mål.

Med 2-1 over Follo var Hødd tilbake på vinnarsporet, og kan ta velfortent ferie etter ein svært god vårsesong i OBOS-ligaen.