Han er vel nøgd med korleis samarbeidet med stopparmakker Jesper Törnqvist fungerte i kampens hete.

Moltu peikar på at Levanger har giftige angriparar. «Eit livsfarleg trekløver», kallar han Bendik Bye, Jo Sondre Aas og Benjamin Stokke. Dei raude og kvite har spissar som er kjente for å score mål. Aas vart toppscorar i førstedivisjon i 2013 for Ranheim. Stokke, som scora mot Hødd søndag kveld, har 11 mål så langt i år, og det medan vi berre er litt over halvvegs ut i 2016-sesongen.

– Vi reinskar opp gong på gong, seier Moltu om korleis han, Törnqvist og resten av Hødd sigra over det hittil nest beste laget i serien.

Sigeren vart krona med ein song som det ikkje er kvar dag ein får høyre frå Blåsarane: Bursdagssongen.

– Blåsarane er ein herleg gjeng. Eg har blitt litt lettrørt på mine eldre dagar, seier den ferske 30-åringen.

Neste Hødd-kamp er borte mot Raufoss, søndag 21. august klokka 18. Blåsarane sett opp buss austover.