To lag med opprykksambisjonar møtes når Hødd reiser til Hønefoss for å prøve å komme tilbake på vinnarsporet i årets 1. divisjon.

Hødd starta sesongen bra, men etter sigeren over Herd i cupen har Ulsteinvik-laget teke berre eitt poeng på dei to siste kampane.

Sjølv om det både spelemessig og poengmessig var betre i torsdagens kamp mot Jerv enn mot Bærum for ei veke sidan, var det ingen på Høddvoll som blei imponert av det heimelaget viste mot Grimstad-laget.

Skal Hødd henge med i toppen i 1. divisjon må dei tilbake på vinnarsporet igjen så fort som råd. Men kveldens utfordring er svært vanskeleg, sjølv om Hønefoss har starta sesongen langt under pari.

Trøblete sesongstart

Hønefoss var av mange tippa å kjempe i toppen av årets 1. divisjon, men så langt har dei sett ut som alt anna enn eit Tippeliga-lag.

Med berre éin siger på dei fem første kampane, ligg Rune Skarsfjords menn heilt nede på ein 15. plass i serien – åtte poeng bak dei to direkte opprykksplassane. Lagets første siger kom så seint som i 4. serierunde heime mot Fredrikstad.

I sesongoppkøyringa på La Manga spelte Hødd og Hønefoss ein jamn kamp som til slutt enda 1-1, etter scoringar av Torbjørn Kallevåg og Malick Mane.

Magnussen og Myklebust tilbake

Hødd har ikkje den største troppen i årets sesong. Det har dei fått kjenne på det den siste tida, med både Magnus Myklebust og Joachim Magnussen ute med skade.

Begge var tilbake igjen i Hødd-laget som innbyttarar i andreomgangen mot Jerv, og mot Hønefoss i kveld er begge to tilbake i startoppstillinga til Hødd.

Det går på bekosting av blant anna Michael Karlsen, som for første gong denne sesongen må starte kampen på innbyttarplass. Også Torbjørn Kallevåg, som har starta dei to siste kampane for Hødd, er henvist til benken.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Joachim Magnussen, Magnus Myklebust

Benken: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal, Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg

Følg kampen med Sunnmørsposten her: