Hødd løfta seg frå kampen mot Bærum, men klarte ikkje å stikke av med alle tre poenga mot Jerv på heimebane søndag. Hødd-trenar Sindre Eid tek med seg det eine poenget, sjølv om laget var eit stykke unna sitt beste i kveldens kamp.

– Me ynskjer å ta tre poeng heime. Men me var førebudd på å møte eit godt Jerv-lag, som har plukka poeng mot blant andre Sandnes Ulf borte. Me er vel nærare å score enn dei, men er eit stykke unna vårt beste nivå i dag, seier Eid til smp.no

Formdupp

Etter sju poeng på dei første tre kampane, har Hødd eitt på dei to siste. Hødd-sjefen seier at dei er inne i eit tøft kampprogram om dagen og at det er naturleg at forma kan svinge litt.

– Det snur fort i fotball, og me er inne i eit tett kampprogram. Forma kan svinge litt, men me tok eit poeng i dag også, og det er viktig. Ein ser jo at det er ein del rare resultat i OBOS-ligaen, så me får ta med oss det einepoenget i dag, seier han.

Han er klar på at laget har ei oppgåve å gjere på treningsfeltet framover om laget skal henge med i toppen av divisjonen.

– Me må jobbe hardt framover og gjere dei riktige tinga på trening om me skal klare å fortsette å plukke poeng, seier han.

Sjå heile intervjuet og kva Eid tenker om søndagens kamp borte mot Hønefoss i videovindauge øvst i saka.