Førre sesong blei ein tung oppleving for Sandal som gjennomgjekk heile tre operasjonar. Han fekk berre med seg eit innhopp på 20 minutt mot Sandefjord i slutten av august. Tidlegare denne veka gjennomførte han sin første heile fotballtrening på over seks månader.

– Det går litt framover for kvar dag som går, men det var godt å trene for fullt igjen. Uthalden verkar å vere grei, men fotballbevegelsane er litt rustne. Eg har heldigvis nesten to månader igjen med treningar før seriestarten, seier Sandal til Sunnmørsposten.

Endeleg smertefri

No er midtbanespelaren heilt smertefri.

– Det er lenge sidan eg har vore det og det er ein heilt fantastisk følelse, seier han.

– Kva gjorde du for å halde motivasjonen oppe i fjor?

– Eg har fått god støtte på heimebane og god oppfølging frå Sindre Eid og Manu Torres. Dei har hatt trua på meg heile vegen. I tillegg ser du kor mykje fotball betyr når du ikkje kan spele.

Sandal seier han aldri vurderte å gi seg med fotball, sjølv om det var tung til tider.

– Så lenge eg synest det er kjekt og kroppen held seg bra, så kan eg spele nokre år til. Eg er kjempemotivert!

Ser særs bra ut

Også Eirik Ulland Andersen trente for fullt denne veka. Han pådro seg eit brot i ankelen då han blei takla hardt i ein bortekamp mot Nest-Sotra i august i fjor.

Eirik Ulland Andersen

– Det er kjekt at vi begge er tilbake no. Eg trur det blir ein spennande sesong i år, seier Hødd-veteranen.Sandal er inne i sin tiande sesong i Hødd.

– Det eg har sett på treningane i år ser bra ut. Det er lenge sidan eg har sett det så bra så tidleg i oppkøyringa, så det er godt å komme i gong sjølv også. Vi har fått på plass ein del nye spelarar tidleg i år. I fjor var vi litt seine før alle var på plass og då såg ein at det gjekk betre og betre utover i sesongen.

Hødd spelar ikkje kamp denne veka, men neste fredag er det kamp mot Brattvåg.

– Eg spelar gjerne den kampen, avsluttar Sandal.