Hødd spelte i ettermiddag sin andre treningskamp i sesongoppkjøyringa. Etter at den første kampen enda 2-2 mot Herd, spelte Hødd ein mykje betre kamp mot divisjonskollega Sogndal.

Magnus Myklebust ga Hødd leiinga nokre minutt før pause. Etter at nesten ein time var spelt, auka Joachim Magnussen til 2-0, som også blei sluttresultatet.

— Det var ein treningskamp på eit høgt nivå med mykje vilje og innsats. Eg synes vi står bra defensivt og er bra i perioder offensivt. Eg er imponert over spelerane mine, seier trenar Sindre Eid til smp.no.

Hødd 2 spelte også ein treningskamp mot Sogndal 2 i går. Den kampen vann Hødd 2 etter at Eirik Saunes scora kampens einaste mål.

— Det var ei god helg både sportsleg og sosialt for begge laga, seier Eid.