Då Norge slo Kasakhstan heile 10–0 i EM-kvalifiseringskampen torsdag, var det 2315 tilskodarar på plass på Molde stadion. Hødd er spente på kor mange som kjem på måndagens kamp.

– Vi har eit mål om å selje over 2000 billettar, og det håper og trur eg er mogleg, seier økonomisjef Kari Mette Sundgot i Hødd.

1500 billettar

Då vi snakka med ho i går ettermiddag var det seld like over 1500 billettar til kampen.

– Eg vil seie vi har hatt ganske bra pågang dei siste dagane, så blir det nok seld ein del på kampdagen. Vi skal ha eit arrangement i Saunesparken i Ulsteinvik laurdag der vi sel billettar og det er mogleg å møte landslagsspelarane, seier Sundgot.

I fjor haust spelte kvinnelandslaget på Color Line stadion, men no var det Høddvoll som fekk sjansen. Det kan gje gode inntekter for klubben.

Beheld inntekter

– Vi beheld billett – og kioskinntektene sjølve, så det er ei god løysing for oss. Det er stort og kjempekjekt å få vist fram det fine anlegget vårt. Det er mykje ekstrajobb å arrangere landskamp, men det er kjekt og verdt det, seier ho.

Geir Hansen jobbar vanlegvis som sport – og utviklingsleiar i Hødd, men kjem no til Høddvoll som assistenttrenar på kvinnelandslaget. Han trur på siger i måndagens kamp mot Israel.

Klare favorittar

– Det var enn kjempesuksess med EM-kvalifisering i Ålesund i fjor, så eg håper det kjem mykje folk på måndag. Det er mykje bra entusiasme rundt landslaget i fylket, seier Hansen.

Israel ligg sist i EM-kvalifiseringsgruppa med berre to poeng på sju kampar. I det omvende oppgjeret vann Norge 1–0. – Det er ikkje tvil om at vi er favorittar, og vi har lyst til å avslutte godt sjølv om vi allereie var klare for EM før kampane mot Kasakhstan og Israel. Vi har lyst å teste ut litt spelarar når vi har sjansen til det, seier han.