Torsdag spelte Hødd sin første kamp på La Manga mot Haugesund, og det enda med tap 2-0 mot eliteserielaget. I ettermiddag tapte Hødd 2-1 då dei møtte Sandefjord i Spania.

Sandefjord tok leiinga etter 38 minutt då Abdoulaye Seck knuste Jesper Törnqvist i ein hodeduell. Halvvegs ut i andre omgang utlikna Hødd då Torbjørn Kallevåg slo ein strålande ball til Eirik Ulland Andersen i bakrommet. Åleine mot keeper gjorde kantspelaren det han skulle, og banka ballen i tverrliggaren og i mål til 1-1. — Eg har fått beskjed om å starte i bakrom, og det var ein perfekt chip av «Kalle». Målet er bra, det, seier Ulland Andersen til smp.no.

Sandefjord sitt sigersmål kom kvarteret før slutt. Innbytter Peter Kovacs blei spelt åleine mot Hødd-keeper Jan-Lennart Urke, og sette den til side for han og i mål til 2-1 for fjorårets eliteserielag.

— Det var ein rotete kamp. Vi klarte ikkje å spele den fotballen vi vil og kontrollere det slik vi hadde eit håp om. Det var mykje vind før pause, som gjorde at det var vanskeleg å spele skikkeleg, seier kantspelaren og legg til.

— Vi bestemte oss for å vere meir direkte i andre omgang, og ikkje gje vekk så mange sjansar.

Hødd reiser heim igjen til Ulsteinvik på torsdag.

— Eg er fornøgd med det vi fekk vist mot Haugesund, for då spelar vi slik vi skal. Vi skapte litt fleire sjansar mot Sandefjord, men det blir ein heilt anna kamp, seier Ulland Andersen.