Follo-trenar Hans-Erik Eriksen har vore på besøk på Høddvoll tidlegare, og i morgon skal han tilbake igjen for å diskutere trenarjobben.

Det er litt over tre veker sidan Sindre Eid gav beskjed om at han ville gi seg i Hødd etter sesongen. Han hadde eit ønske om å prioritere annleis ei periode framover, og berre fokusere på jobben som marknadssjef i klubben.

– Vi er i dialog med aktuelle kandidatar, men det er ikkje noko som er avklart endå. Det er ein prosess som tek tid, for det er ikkje berre oss det står på, seier styreleiar Bård Dalen i Hødd Fotball.

Nytt besøk

I dag skriv Østlandets Blad at Follo-trenar Hans-Erik Eriksen i dag er på plass for Høddvoll for å snakke med klubben. Han har også tidlegare vore på besøk der.

– Det er jo aktuelt, viss ikkje hadde eg ikkje reist dit. Hødd har komne langt på veldig mykje, og det meste ligg til rette for ytterlegare vekst der, seier Eriksen til avisa.

Han antydar at det kan kome ei avgjerd om framtida i neste veke. Dagleg leiar i Follo FK, Helle Visjø, trur sjansen er 70–30 for at Eriksen forlèt klubben.

– Han har fått ein frist til 21. november, seier Visjø til Østlandets Blad.

Blir med vidare

Det einaste som verkar å vere klart, er at Steinar Lein blir ein del av trenarteamet. Han har vore assistent for Eid dei to siste sesongane. Sunnmørsposten har ikkje klart å komme i kontakt med Lein. Men onsdag sa han til Haugesunds Avis at han synest det er ei utfordring at familien bur i Haugesund.

– Eg kunne sikkert blitt hovudtrenar om eg hadde ønska det.

På spørsmål frå avisa om kva han hadde gjort om Vard Haugesund ringde, som også er på trenarjakt, er svaret at han måtte vurdert det.

Hødd har ikkje dårleg tid til å få på plass ein trenar, sjølv om dei gjerne vil ha det på plass raskt.

– Vi har dyktige folk som André (Nevstad) og Geir (Hansen) som har kartlagt kven som er ledige og kven som kan vere aktuelle. Det viktigaste for oss er å lage eit godt team, ikkje berre hente ein trenar som løyse alle problema åleine, seier Dalen.