Hødd-spelar Michael Karlsen kunne blitt den store helten i søndagens straffesparkkonkurranse mot Jerv. Hadde han score på sitt straffespark, hadde han sendt Hødd vidare til kvalifiseringskamp mot Kristiansund søndag.

Men trønderen prøvde seg på ei «Panenka-straffe» der han skulle chippe ballen midt i mål, men Jerv sin keeper blei ståande og haldt straffesparket enkelt. Seinare bomma også Christoffer Aasbak på sitt straffespark og Hødd tapte.

— Keeperen hadde gått tidleg ut i sidene tidlegare, så eg hadde tenkt å skyte hardt midt på mål. Eg har scora mykje slik tidlegare, men no blei eg nok for kul og skulle chippe ballen i mål. Det ser utruleg dumt ut, seier Karlsen til smp.no.

Han legg ikkje skjul på at det har vore ei tøff natt.

— Det er utruleg pinleg. Eg veit det er mange som bryr seg om Hødd, og vi har jobba så hardt for å komme dit også. I tillegg blei det Sindre sin siste kamp, så eg må berre for beklage til alle for måten det skjedde på, seier han.

- Min feil

Sjølv om det ikkje berre var Karlsen sin feil at laget tapte, så tek han på seg all skulda.

— Eg kunne sendt oss vidare om eg berre hadde scora, så det er min feil. Det er bittert å bli slått ut når vi var så mykje betre enn Jerv, seier Karlsen.

Etter kampen var han i lag med fleire av medspelarane. Det er liten tvil om at det vart ein tung kveld.

— Det er kjedeleg å måtte skuffa så mange, men eg tabba meg skikkeleg ut. Eg forstår godt at eg ikkje er ein spesielt populær mann i dag, men eg har også fått mykje støtte.