Hødd-kaptein Joakim Wrele trur sigeren mot Raufoss sist var det som skulle til for å starte klatringa på tabellen.

Etter ein svak start på sesongen har Hødd vunne to av dei tre siste kampane, og ligg på sikker plass på betre målskilnad enn Mjøndalen. Sist tok dei ein særs viktig siger mot Raufoss.

– Det var ein kamp der det var mykje fram og tilbake, men det var viktig å score først der. Om dei hadde scora først, kunne vi ha stått igjen utan poeng. Det viktigaste var sjølvsagt sigeren, men eg er irritert over at spelet vårt ikkje var betre, seier Wrele.

Elendige borte

Hødd er det dårlegaste laget i 1. divisjon på bortebane med fem strake tap, men på heimebane er det berre fire andre lag som er betre.

– Sigeren sist var viktig for at vi løftet oss litt på tabellen, det var ein frigjerande kjensle. Med ein ny heimekamp på søndag, kan vi tette luka til laga framfor oss på tabellen. Då slepp vi å tenke for mykje på at vi stonga litt i botnen av tabellen tidlegare, seier Wrele.

– Har det vore for mykje fokus på tabellen?

– Vi veit alle kor vi ligg på tabellen, men det er ikkje noko vi har fokusert mykje på. Det er mange kampar igjen til å heve seg framover, seier han optimistisk.

Søndag er det KFUM Oslo som kjem på besøk på Høddvoll for første gang. Dei ligg på tiandeplass, to poeng føre Hødd.

– Det er eit pasningssikkert lag som liker å ha ballen mykje. Om vi klare rå styre kampen slik vi skal, så kjem dei til å slite mot oss, trur kapteinen.

Kontrakt ut sesongen

Han meiner Hødd har noko på gong no etter ein tøff start på sesongen.

– Vi har jobba hardt med å heve oss, for vi har stort sett vore med i alle kampane. Vi har mangla den flyten som kan gje poeng i jamne kampar, men no har vi fått mykje sjølvtillit og nærmar oss noko.

25-åringen er inne i sin tredje sesong i Hødd og har kontrakt ut sesongen. Svensken er ikkje sikker på kva som skjer i framtida.

– Eg har ikkje snakka med klubben om det, men det er framleis tidleg i sesongen. Hødd er den beste klubben eg har vore i, og eg har det veldig fint her.

PS: Høyr vår podkast med Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen på smp.no.