Foreldra til dei to svenske fotballspelarane har kome til Høddvoll for å få med seg brødremøtet. Faren til Wrele-brørne skal stille med både blåkvitt og gulsvart skjerf kring halsen, ryktast det på Høddvoll.

Karl Joakim Wrele var på prøvespel i Raufoss før han kom til Hødd 1 2014, men valgte til slutt klubben frå Ulsteinvik. Han har spelt midtbane dei to siste kampane. Hans Erik Eriksen flyttar han no tilbake til midtstopparplass. Hødd må nemleg gjere byttar og rokeringar: Hugues «Ygg» Wembangomo er ute med tre gule kort. Hans Erik Eriksen vel å spare Joachim Magnussen som har ein vond legg. Magnus Myklebust er langtidsskada.

Her er lagoppstillinga:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Steffen Moltu, Christoffer Aasbak, Karl Joakim Wrele (K), Erik Skaasheim – , Torbjørn Kallevåg, Fredrik Sjølstad – Øystein Vestvatn, Didrik Sereba – Robin Shroot — Erik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Tørnqvist, Michael Karlsen, Martin Mork Breivik, Sondre Sandnes Beite, Bendik Rise, Bendik Dybdal Torset

Raufoss (4-4-1-1) : Ole Kristian Gjefle Lauvli - Andreas Wrele, Markus H. Rolandsen, Steffen Hjelmtvedt (K), Aleksander Solli - Alonso Sanchez Gonzalez, Petter Senstad, Moegammad Haashim Domingo, Marcos Gondra Krug - Rocky Rexhep Lekaj - Almir Aganspahic

Benken: Christopher Tronhus, Aaron Lee Jones, Håvard Bergstedt Lysvoll, Håvard Nome, Fredrik Greve Monsen, Nicolai Fosso Fremstad, Kristian Lønstad Onsrud