For med åtte minutt igjen av kampen dukka William Warshaw opp på ein retur inne i feltet og sikra 1-0-siger til 1. divisjons jumbolag. Som så mange gonger før i år tapte Hødd ein kamp dei på førehand skulle ha få problem med å vinne.

–Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er litt oss i eit nøtteskal i år. Me får det ikkje heilt til mot dei laga som ligg lenger ned på tabellen. Me er litt som Robin Hood – me tek frå dei rike og gir til dei fattige. Dette er ein kamp me skal vinne, seier ein skuffa Sandal tilsmp.noetter kampen.

Også Hødd-trenar Sindre Eid var svært skuffa etter tapet, og var lite nøgd med eige lags prestasjon mot 1. divisjons sisteplass.

–Det er berre å kalle ein spade for ein spade. Det me leverer i dag er ikkje godt nok, seier ein tydeleg irritert Eid tilsmp.noetter kampen

— Må vinne to av kampane

Etter at Ranheim slo Fredrikstad 4-0 på heimebane, gjekk dei forbi Hødd på tabellen på betre målskilnad. Ulsteinvik-laget ligg no på 6. plass – eitt poeng føre Jerv på 7. plass.

Med tre kampar igjen, der to av dei er borte mot Fredrikstad og Brann, blir kampen om play-off plutseleg svært mykje vanskelegare enn det såg ut for berre få veker sidan.

–Me må vinne to av dei sannsynlegvis. Me må i alle fall ta fire poeng. Det ligg framleis i våre hender. Men presterer me som i dag, vinn me ikkje fleire kampar, seier Eid.

At Hødd no har press på seg for å levere i antatt mykje tøffare kampar enn dagens, meiner Sandal berre er greitt.

–Det passar oss fint. No må me levere mot god motstand på bortebane, seier han.

Blei banens beste i returen

Av ein lokal jury blei Sandal kåra til Hødd sin beste spelar mot Hønefoss. Det var eit lite plaster på såret for den skadeplaga 32-åringen.

–Det tar eg med meg vidare i det som har vore to tunge år. Det er veldig kjekt endeleg få spele på nye Høddvoll. Det har eg faktisk ikkje gjort før, seier han med eit tappert smil.