Hødd tapte hjemme mot dumpekandidat Hønefoss. Foto: Svein Olav Humberset

HØDD — HØNEFOSS 0-1:

Mykje stod på spel for begge lag på Høddvoll onsdag, og opninga på kampen bar litt preg av det. Begge lag brukte opninga på å føle på kvarandre, og store delar av førsteomgangen var prega av duellar og lite spel langs bakken frå begge lag.

Faktisk måtte me vente heilt til me nærma oss halvtimen før kampens første sjanse kom. Den var det Hønefoss og midtbanespelar William Warshaw som stod for. Frå 20 meter fyrte han laus mot Hødd-målet, men fekk aldri god nok retning på ballen til å sette Hødd-keeper Aslak Falch på skikkeleg prøve.

Sandal i tverrliggaren

Hødd tapte hjemme mot dumpekandidat Hønefoss. Foto: Svein Olav Humberset

Heimelaget kom til ein del innleggsmogelgheiter utover i omgangen, utan at det blei farleg av den grunn. Heller ikkje på dei mange dødballane dei fekk i løpet av dei øfrste 45 minuttane klarte dei Men då det nærmar seg pause på Høddvoll, tok Erik Sandal, i sin første seriestart på 717 dagar, ansvar og klinka til frå 30 meter. Ballen for som eit prosjektil mot Hønefoss-målet, men uheldigvis for Sandal og Hødd gjekk den rett i tverrliggaren bak Tarjei Omenås i Hønefoss-målet.

Ulland Andersen nære på frispark

Hødd-trener Sindre Eid. Foto: Svein Olav Humberset

Før fem minutt var gått fekk Hødd og Ulland Andersen sjansen på frispark frå 25 meter. Men Hødd-kanten, som har vore livsfarleg på dødball for Hødd denne sesongen, måtte sjå forsøket gå like til side for mål i opninga av andre omgang. Og den andre omgangen starta friskare enn den første. Ti minutt etterpå var det Hønefoss og Morten Hæstad som var farleg frampå inne i Hødd-feltet. Eit innlegg frå venstresida såg ut til å treffe pannebrasken til Hønefoss sin midtbanespelar, men Hæstad var nokre centimeter for kort, og ballen gjekk forbi han like til utanfor stolpen til Falch.

Karlsen presenterte seg

Og like før timen var spelt på Hødvoll small det på ny i metallet bak Hønefoss-målvakta. Michael Karslen fekk mykje rom utanfor 16-meteren og prøvde ei avslutning mot mål. Ballen hadde god retning og sneik seg forbi keeper Omenås før den small i stolpen. Og det var det siste han rakk å gjere før han blei gjorde før han blei erstatta av Robin Shroot.

Ti minutt etterpå var det Hønefoss som var svært nære kampens første scoring. Alexander Aas fekk rom på Hødds halvdel, og fekk spelt Beugre fint gjennom Hødd-forsvaret. Men ein opplagt Falch i Hødd-målet kom raskt ut og fekk avverga i det Beugre skulle sette ballen i mål.

Her scorer Hønefoss kampens eneste mål.

Warshaw gav nytt liv i overlevingshåpetMed åtte minutt igjen av kampen på Høddvoll fekk Beugre vendt opp inne i Hødd-feltet og avslutta mot mål. Forsøket gjekk rett i stolpen og trilla langs streken. Då stupte Warshaw fram for Hønefoss og pirka inn 1-0 bak ein utspelt Falch i Hødd-målet.

Det store trøkket frå Hødd i sluttminuttane uteblei, og med det kunne Hønefoss-laget juble etter å ha tatt sin andre strake siger, og for alvor heldt liv i håpet om fornya kontrakt i 1. divisjon.