Joachim Magnussen får tillit frå start for Hødd i fylkesoppgjeret mot Kristiansund.

Tre veker er gått sidan Hødd slo Follo på Høddvoll, og stoppa rekkja utan siger i OBOS-ligaen på fire kampar. No ventar det ein svært tøff bortekamp mot Kristiansund, som slo Hødd 1-0 på Høddvoll tidlegare i vår.

Følg kampen direkte her. Avspark kl. 15

Hødd har hatt eit godt tak på Kristiansund på bortebane dei siste åra. På dei fire siste kampane laga imellom på Kristiansund Stadion, har Hødd vunne tre og spelt éin uavgjort.

I fjor blei det heile 4-0 til Hødd, etter tre mål av Robin Shroot og eitt av Steffen Moltu.

Svekka Kristiansund-lag

Kristiansund har i løpet av ferien mista ein svært sentral spelar i Magnus Stamnestrø, som like etter feriestart blei klar for Rosenborg. Kristiansund skal få det vanskeleg å finne ein god nok erstattar for Stamnestrø, som har skapt mykje på romsdalingane sin midtbane i år.

Frå laget som starta mot Brann for Kristiansund før ferien, er også Torbjørn Agdestein vekke. Låneavtalen med FK Haugesund-spelaren er no utløpt, og Agdestein er tilbake i sildabyen.

Inn har imidlertid Øyvind Hoås komme frå Hønefoss. Han har vist tidlegare at han kan score mykje mål i denne divisjonen, men har ikkje fått ting til å stemme like godt i år for nedrykkstruga Hønefoss. Han går rett inn frå start for Christian Michelsens lag.

Følg kampen direkte her. Avspark kl. 15

Aursnes på benk

Fredrik Aursnes var ikkje med i Hødd-troppen mot Follo før ferien. No er 19-åringen tilbake i Hødd-laget, men startar på benken i dagens kamp. Bendik Torset tek plassen til Aursnes, og får med seg Joakim Wrele og Ole Amund Sveen sentralt på midtbanen.

Hødd sleit i vårsesongen med å få spissane til å score mål. Skal Hødd vera med i toppen av OBOS-ligaen utover hausten, må spelarar som Michael Karlsen og Joachim Magnussen starte å banke inn mål. I dag blir Magnussen føretrekt hos Sindre Eid. Kanskje kan hans tredje seriescoring komme i dag?

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joachim Wrele, Bendik Dybdal Torset – Eirik Ulland Andersen, Joachim Magnussen, Magnus Myklebust

Benken: Ole-Monrad Alme, Michael Karlsen, Vegard Heltne, Torbjørn Kallevåg, Erik Sandal, Fredrik Aursnes