BRYNE-HØDD 0-0

Hødd hadde to store sjansar aleine med keeper, representert ved Robin Shroot og Didrik Sereba, men ballen ville verken forbi keeper eller mellom stengene. Bryne hadde klart flest sjansar og regelrett herja med Hødd midtvegs i første omgang, samt det siste kvarteret.

– Ballen spratt litt feil veg for begge laga, så det jamna seg ut, seier Fjørtoft.

–Kor nøgde trur du Blåsarane er med 0-0?

– Fansen skulle nok gjerne sett at v i scora mål, men eg trur dei er nøgde med at vi sikra eitt poeng.

Likevel hadde Fjørtoft helst sett at laget var i posisjon til å avgjere sesongen heime mot Strømmen, i neste runde.

Spelte defensivt

Fjørtoft peikar på at om Bryne hadde vunne, hadde dei gått forbi Hødd.

Han fortel at slagplanen på førehand var å spele med liten risiko, og jakte brot.

Hødd fekk med seg eit sårt tiltrengt bortepoeng. Dette var eit av stusselege tre poeng på bortebane totalt i år. For å vise kor mykje det betyr for Hødd, kan vi sjå matematisk på det: 33 prosent av bortepoenga i år er tatt i kampen mot Bryne.

– Kva sa trenarteamet til spelarane, i pausen?

– Vi var oppmuntrande, og nøgde med innsatsen i første omgang, men vi ønska også å truge bakrommet meir .

Fjørtoft vil ikkje utmerke enkeltspelarar som spesielt gode. Han godkjenner alle som ein.

– Det var først og fremst ein laginnsats og ein krig, seier han.

Bytta innpå rutine

I sluttminutta kom ei overrasking frå trenertemaet si side: Vegard Heltne fekk sine aller første minutt i serien for i år, då han erstatta ein skada Joachim Magnussen. (Magnussen fekk sitt tredje gule kort og må uansett stå over neste runde, sjølv om han skulle bli bra igjen.)

– Vegard er rutinert, og veit kva som skal til i den situasjonen laget er i no, seier Fjørtoft.

Heltne har vore i Hødd sidan 2008, er kontinuitetsbærar, men har altså slitt med å få speletid i år. Han har tidlegare vore ein del skadaa.

Den eigentlege kapteinen, iallfall på papiret, Jesper Törnqvist, kom inn for Didrik Sereba. Fjørtoft forklara bytta sånn:

– Bryne kjørte på med tre spissar, vi svarte med å sette innpå ein stoppar til.

Hødd styrka seg altså defensivt med disse to bytta, og markerte dermed at 0-0 var eit ganske attraktivt resultat.

Over nedrykkslinja, med naud og neppe

Sandnes Ulf og toppscorar Pontus Engblom gjorde jobben sin grundig mot Ull/Kisa, og slo motstandaren sin 4-0. Det var viktig for Hødd, då Ull/Kisa ligg farleg nære – to poeng under etter denne runda. Målskilnaden er enormt mykje betre enn Hødd sin — 4, medan Hødd står med – 18. – Følgde de Sandnes Ulf mot Ull/Kisa undervegs i kampen mot Bryne?

– Ja. Om Ull/Kisa hadde leia, hadde vi måtte satsa enda meir offensiv for å slå Bryne.

Fjørtoft innrømmer at Sandnes Ulf i siste runde kan bli ei hard nøtt.

– Vi bør slå Strømmen heime for å greie dette her, meiner han.

Årets aller siste førstedivsjonskamp på Høddvoll, er altså mot Strømmen, og det kan bli eit være eller ikkje være for toppfotballen på Søre Sunnmøre. Kampen spelast 23. oktober, så tidleg som klokka 13.