BRYNE-HØDD 0-0

Ettersom Ull/Kisa, laget som ligg rett under Hødd, tapte 4-0 mot Sandnes Ulf, aukar Hødd forspranget på dei, frå eitt til to poeng. Sidan Bryne også tok med seg poeng, snusar dei på Hødd sin «trygge» tolvteplass. Både Bryne og Ull/Kisa har betre målskilnad enn dei blåkledde. Likevel, Hødd sin bortestatistikk tatt i betraktning: eit kvart poeng borte er gull verdt.

Fitim Kastrati fortviler over en forspilt sjanse. Foto: Fredrik Refvem

Sjanserik avslutning Frå det siste kvarteret og ut, heva kampen seg til eit nervedrama. Brynes Kastrati angreip gong på gong, med skot i nettveggen og rett over mål. Ved eit høve redda Jan-Lennart Urke ei heading og landa med ballen på streken. To gongar ville heimepublikumet ha straffe etter at Brynes-spelarar falt i feltet, men dommaren valte å ikkje løfte fløyta. Bryne gjekk for siger, og var veldig nære, gong etter gong.

Hødd på si side brukte god tid der det var mogeleg, for å sikre seg eitt poeng. Men også Hødd hadde sjansar av den verkeleg store sorten. Didrik Sereba kom seg fri inn i feltet, rettvendt med ballen føre seg, men trilla den til side for mål. Robin Shroot avslutta aleine med keeper, på rett over 80 minutt spelt. Avslutninga gjekk på det utrykkande keeperen, til gisp frå heimepublikumet.

Stillingskrig

Kampen opna jamnt, med få store sjansar. Bryne dominerte frå det 12.-13— minuttet og til midtveis i omgangen. Heimelaget fekk dei to første skota på mål, i ein omgang med få store målsjansar. Utover i omgangen steig temperaturen blant spelarane, med fleire nesten-kort i begge retningar, og eit gult kort til Hødds Joachim Magnussen.

Jeff Mensah var nære ved å klusse det til då han nølte med å slå ballen ut eiget felt. Ellers bidrog han positivt framover på banen. Dansken har fortid som midtbanespelar, og det ser ut til at han er best offensivt.

Hugues Wembangomo hadde mykje å gi i kampen. På eit hektisk tidspunkt i andre omgang, klarte han å skjerme ballen frå ein jagande Kastrati, nesten heilt frå sekstemeterlinja og ned til dødlinja. Han la ned ein solid jobb i forsvaret.

Begge med i botnstriden

Det var to lag prega av kampglød som opptredde under flomlyset på Bryne stadion. Likevel enda det altså mållaust, og begge laga er med i striden om trygg plass. Bryne er etter dette framleis tre poeng bak Hødd, med betre målskilnad. Hødd vil truleg trenge å ta heimepoeng mot Strømmen heime i neste runde.