Sogndal-bygda og Fotball-Noreg er i sjokk etter at den tragiske beskjeden om at Svein Bakke er død kom onsdag kveld. Bakke døydde brått og uventa.

Eirik Bakke sin far var Sogndal sin store profil frå fotballeventyret i bygda starta i 1976 til ut på 2000-talet, og han vil verta sakna på fleire plan.

— Svein var stjerna. Ikkje til forkleinelse for dei andre på laget, men det var han som løfta nivået. Både til cupfinalen i 1976, men også oppover divisjonssystemet, seier Yngve Hallén, fotballpresident og tidlegare dagleg leiar i Sogndal.

Rolf Navarsete, nær venn med Svein Bakke, tok imot meldinga om dødsfallet med sjokk. Han hugsar Svein Bakke som ein kar alle likte og syntest godt om.

Og spelaren Bakke – som spelte 514 kampar og scora 321 mål – er ein av norsk fotballs beste, meiner han.

— Me har hatt mange store spelarar i Sogndal, som Tore André Flo, Håvard Flo, Jostein Flo og Eirik Bakke. Men Svein Bakke var betre enn dei alle, seier Navarsete.

BAKGRUNN:

Spelar, trenar og leiar

Svein Bakke var spelar og trenar på Sogndal-laget som spelte cupfinale mot Brann i 1976 – i ein alder av 23 år. Utover 1980-talet var han klubbleiar mens han held fram som spelar. I 1991 sa han opp ein trygg bankjobb, og valde å ta stillinga som dagleg leiar/sportsleg leiar i Sogndal, i ei tid utan pengar i fotballen. Ein funksjon han hadde fram til 2005. Som spelar var han lojal heile vegen mot Sogndal. Då han var i militæret på byrjinga av 1970-talet spelte han på Eidsvoll Turn, som den gongen var eit topplag, og han fekk tilbod frå Lillestrøm som var på veg til å verta Noregs beste lag, men Bakke valde å reisa heim til Sogndal. Der skulle han verta sentral i å byggja det som kanskje er den klubben som presterer best i landet i forhold til føresetnadane.

— Utan Svein hadde me berre vore ein happening på 1970-talet, og Sogndal hadde vore som alle andre klubbar på same storleik. Men fordi han var så god, og vann kampar åleine, held han klubben oppe. Og utover 1980-talet vart han også leiar i klubben, seier Navarsete.

Det tyngste for Bakke var å sjå Sogndal spela etter at han la opp. Han måtte sitja åleine og konsentrera seg om kampen fordi han levde seg så inn i det som skjedde på bana. Svein Bakke var ein fotballmann. Tvers gjennom.

— Svein var ikkje oppteken av cashflow og optimalisering av verdiar. Det var det som skjedde på bana som var viktig, seier Hallén.

Treningskultur

Bakke sette sitt preg ikkje berre i Sogndal, men også i norsk fotball. Han var styremedlem i Serieforeningen, forløparen til Norsk Toppfotball, der han var ein pioner bak suksessen til den norske fotballrevolusjonen utover 1990-talet.

— Me la ein plan der det sportslege fokuset var stort. Svein hadde visjonar og tenkte strategisk rundt mykje av det som vart viktige for prestasjonane på 1990-talet, seier Boye Skistad som var leiar den gongen i NTF.

Vintertrening og kampar på Kypros og La Manga for norske klubbar, var Bakke ein forkjempar for. Viktigheten av ein god klubbadministrasjon, var også ein kjepphest for Bakke.

— Talentutvikling var også viktig for Svein. Han ville dei skulle ha gode læringsmodellar, og at dei skulle trena meir i ung alder. Han jobba også for at norske lag skulle få internasjonal matching i vinterhalvåret, seier Skistad. Hallén hugsar det på same måten.

— Svein marknadsførte det som Sogndal-fotballen stod for: At det ikkje kosta noko å trena best. Då han kom inn i Norsk Toppfotball, tok han tak i oppgåva med å laga gode treningsforhold, seier fotballpresidenten.

Viktig for norsk suksess

Tidlegare Brann-direktør Knut Kristiansen meiner Bakke fortener sin del av æra for at det norske landslaget tok steget opp blant dei gode i verda, at Rosenborg vart ein maktfaktor i meisterligaen og at Brann kom heilt til kvartfinalen i cupvinnarcupen i 1997. Prestasjonar som verkar eit stykke unna i dag.

— Svein var med på å gjera norsk fotball betre. Suksessen det norske landslaget, Rosenborg og Brann hadde på 1990-talet har han definitivt noko av æra for, seier Kristiansen, som var ein god ven av Bakke. Dei to var også saman i Norsk Toppfotball (Serieforeningen)

— På 1990-talet hadde me rivande utvikling i norsk fotball. Svein og eg reiste rundt i USA og mange stader i Europa der me møtte fotballfolk. Både Svein og eg var einige om at me ikkje kunne forbetra oss utan å møta folk som var betre enn oss, seier Kristiansen.

Tidlegare fotballpresident Per Ravn Omdal kjenner Bakkes familie, og kjente Bakke godt gjennom fotballen.

— Han var ein markert person som spredde glede. Han har betydd veldig mykje for norsk fotballs utvikling, seier Omdal.

Gledde seg over Eiriks suksess

Svein Bakke vert hugsa av dei som kjende han best som ein ærleg og humørfylt type som alle likte. Han var ven med alle, men turte å seia ifrå om kva han meinte. Vinnarinstinktet hadde han tjukt utpå seg, men han var alltid ein gentleman uansett resultat. Det var fotballen som var viktigast for han. Heimen hans i Sogndal var staden der fotballfolk i bygda enda opp etter kampar og festlege høve for å diskutera Sogndal og fotball. Der vart miljøet rundt eventyret Sogndal fotball smidd utover kvelden og natta.

I 2014 byrja Svein Bakke att i Sogndal Fotball, som leiar for seniorklubben. Det trivst han svært godt med, og seinast denne veka var i han i sentrum av Sogndal for å skaffa påmeldingar til ein cup.

— Og så fekk han sjå sonen Eirik verta trenar med suksess. Det er utruleg kjekt at han fekk oppleva det, seier Navarsete.

Svein Bakke vart fødd 23. juni 1953, og døydde 16. desember 2015. Han lèt etter seg seg kone, to barn og fem barnebarn.

Mange av våre lesere har lest disse to sakene i dag: