BYGLAND: — Vi ber om at politikarane no tek eit val. Anten gjennomføre kutt eller innføre eigedomsskatt, seier Aasmund Lauvdal, rådmann i Bygland kommune.

I budsjettet som blir lagt fram for politikarane i Bygland i dag, må kommunen ta tre millionar av oppsparte midlar for å klare å dekke utgiftene. Det kan dei gjere i to år før disposisjonsfondet er tomt.

Inga eldrebølge

Når Bygland mister inntekter, skuldast det særleg at folketalet går ned. I 2001 budde det 1341 personar i Bygland, medan det ved sist årsskifte var 1214. Det er spesielt dei heilt unge og dei over 80 år det blir færre av i Bygland.

— Over ein periode på ti år er talet på eldre nesten halvert. Så vi har inga eldrebølge i Bygland, seier Lauvdal

Men færre unge og eldre fører også til at kommunen får mindre i rammetilskot frå staten. Samstundes har ikkje kommunen klart å redusere utgiftene tilsvarande.

Lauvdal meiner difor at Bygland neste år blir nøydde til å ha ein grundig gjennomgang av drift for å finne ut kvar dei skal kutte.

Auke i barnevernet

I tillegg til at inntektene går ned, har Bygland kommune opplevd at utgiftene til barnevern har auka dramatisk. Dei har også oppretta eit nytt butilbud for psykiatriske pasientar.

Lauvdal trur uansett at Bygland må gjennom ein periode med kutt, sjølv om det vert innført eigedomsskatt.

— Eg trur uansett vi må gjennom ein prosess med kutt, seier Lauvdal.