BYGLAND: Tidlegare i dag vart det også felt ei gaupe i Birkenes . Det skjedde også for nokre dagar sidan.

Jaktområdet som omfattar Aust-Agder og delar av Telemark, har ein samla kvote på fire gauper i jakta som varer ut mars.

Det var i den bratte lia sør for Ramneberget, ikkje langt frå garden Hamre på vestsida av Byglandsfjorden, at jaktlaget på seks fekk has på den kraftige hanngaupa i kveld.

Dei hadde då vore på spor av gaupa i fleire dagar. Mykje tyder på at det var denne gaupa som drap ein hjort på Birkeland lengst nord i Bygland for nokre dagar sidan. Sporing avslørte også at denne gaupa tok eit rådyr på garden Skjevrak på vestsida av Byglandsfjorden natt til sundag.

Det var Gunnar Haugå som felte hanngaupa i kveld. Han skaut også ei gaupe i Bygland for 2 år sidan.

Jaktlaget på seks mann jaktar berre i helgene. I går og i dag opplevde dei det svært strevsamt med posting i over fire timar i 10 minusgrader, og 60-70 cm djupsnø å forflytte seg i på truger.

Dei meiner det er minst to familiegrupper av gauper i Setesdal denne vinteren.

Les også: — Min beste jaktopplevelse og Gaupe skutt i Birkenes