Emil Otto Syvertsen sitt tilsvar på mitt innlegg« Problematisk kyrkjeval» både undrar meg, og skuffar meg. Å skrive ein tydeleg tekst er sjølvsagt ei utfordring, og nokre formuleringar kunne sikkert vore annleis. Og når Syvertsen, som er ein rimeleg skulert skribent og kommentator, ikkje får med seg hovudpoenget, så er det grunn til å gjennomgå teksten på nytt.

Tru og engasjement

La meg presisere nokre punkt. Eg kan ikkje sjå at eg har skrive noko om veljarane, og deira tru og engasjement. Men eg har skrive om eit val som vart gjennomført utan liner inn til det pulserande livet i kyrkjelydane. Og det er noko anna. At standpunkt i ei kontroversiell sak var drivande for val av kandidatar til bispedømeråda, let seg lett konstatere. Når så valet vert fjerna frå den kyrkjelyden ein faktisk høyrer til, då er det grunnlag for å setje nokre spørsmålsteikn ved ordninga. Valet gjeld både leiarskap i ein kyrkjelyd og tillitsvalde i eit bispedøme.

Eg har bak meg nærare førti år i aktiv presteteneste, av dei ni år som kapellan på Lund. Vidare har eg engasjert meg på bispedømeplan i tre ulike bispedøme, og alt dette er refleksjonsbakgrunn for mine tankar om kyrkja som åndeleg fellesskap med sine praktiske ordningar. For meg står det klårt at gjennomføringa av kyrkjevalet ikkje kan forsvarast ut frå grunnleggjande tankar om kva kyrkja djupast sett er.

Rettesnor og forankringspunkt

Omgrepet communio sanctorum har interessert meg, og denne definisjonen av kva kyrkja er, har vore god rettesnor og forankringspunkt i alt mitt kyrkjeleg arbeid. Å invitere menneske inn til samlinga om Ordet og sakramenta, utan atterhald av noko slag, har vore, og er ei kjær oppgåve. Der får vi kome med liva våre, og med alt «grums» som vi ber med oss.

For vidare studium og refleksjon kan eg vise til eit grundig dokument frå samtalar mellom dei to store kyrkjene i Tyskland, den katolske og den evangelisk— lutherske: Communio Sanctorum. Die Kirche als Gemeinshaft der Heiligen.

Kven er eg på parti med? Emil Otto Syvertsen stiller spørsmålet i overskrifta, og plasserer meg mellom dei skinnheilage. Det får så vere. Vi er usamde i eit sentralt etisk spørsmål. Likevel bør vi kunne drøfte ei sak som har mange og viktige prinsipielle sider, og som vedkjem kyrkja si forankring i samling om ord og sakrament.