Dei siste dagane har det i avisene vore artiklar om innvandrarar og integrering. Konklusjonen er: «Me må bli flinkare på å integrere våre nye landsmenn». Me må bli flinkare, men kva med innvandrarane sjølv. Bør ikkje dei vere meir aktive for å bli ein del av samfunnet vårt? Til nå har me ikkje stilt klare krav til dei. Snille KrF og SV vil gjere alt frivillig. Korleis er resultatet av denne snillismen?

Ønskjer ikkje å bli norske

Me har barn, fødde i Noreg som ikkje kan norsk når dei tek til på skulen. Over 60 % av dei som kjem frå Somalia og om lag 50 % av andre ikkje vestlege innvandrarar, er utan arbeid. Frå Groruddalen i Oslo ser ein at pakistanarar og somaliar held seg saman i sine eigne grupper. Dei ønskjer ikkje å bli norske. I Kristiansand får dei tilbod om gratis barnehage, men mange ønskjer ikkje å ha barna sine der.

Først av alt må me tore å setje namn på verdiane våre. Verdiar me ikkje vil gi slepp på uansett den kulturelle bakgrunnen til innvandraren. Det er når eit samfunn står bak ei samling av verdiar, det er sterkt nok til å tole kva som helst. Desse verdiane er: Kunne norsk språk. Demokrati. Likestilling. Ytringsfridom.

I staden for sosial hjelp, skal dei ha betalt for følgjande arbeid: Første kravet er ei plikt til å lære seg og barna norsk. Er du arbeidslaus og ikkje kan norsk, skal alle, heile familien, møte fram til undervisning klokka 8.30 og vere der fram til klokka 15.00. Første delen av dagen skal kvinnene ha undervisning mens mennene passar på barna og lagar mat. Deretter byter dei på rollane sine.

Språkkontroll når barna er tre, fire og fem år gamle. Kan dei då ikkje godt nok norsk, er det ei plikt at dei skal gå i barnehage.

Lov til å stille spørsmål

Arbeidstrening i to dagar. Då kan alle menn rydde krattskog ved hjelp av ryddesaks. Stiller ein ikkje opp, blir det trekk i løna.

Me har lov til å stille eit spørsmål. Kven må betale fordi ein del av våre nye landsmenn ikkje er i arbeid? Eit av svara er pensjonistane. KrF og SV nølte ikkje med å minke pensjonen med 0.75 % dette året. Argumentet er at me har ikkje råd til dyre pensjonar. Dei same partia seier at me har råd til elevar som ikkje kan norsk, sjølv om dei er fødde i Noreg.

Alle som kjem her til landet kjem av eigen fri vilje. Dei er ikkje tvinga til å bu i Noreg. For å bli integrerte må våre nye landsmenn godta våre reglar kring ytringsfridom. Ikkje noka ytring gjer ein rett til å utøve vold eller ta liv. Kan ein ikkje rette seg etter den regelen, finn eit anna land å busetje seg i. Det er over 100 land å velje i.

Språk og arbeid heng saman. Skal integreringa lykkast må ein stille krav om både språk og arbeid. I vårt samfunn er arbeid ei plikt, eit bidrag, til å halde opp velstanden vår. Utan at alle tek del i arbeidslivet, vil me alle bli fattigare. Og det blir resultatet dersom me ikkje stiller klare krav til innvandrande. Dei må gjere si plikt før dei krev sin rett.

Innlegget er forkortet. Red.