Fylkesmannen tilrår at fleirtalet i fylkesutvalet snur og seier NEI til outlet-senter. Det vil vere klokt å lytte til Fylkesmannen.

Venstres Sara Sægrov Ruud vil på nytt fremme forslaget om å seie nei til etablering av outletsenteret, slik også fylkesrådmannen gjer med grunnlag i dei vedtatte kjøpesenterplanane. Sist fekk forslaget om å seie nei tre av ni stemmer i fylkesutvalet. Ap (2), Sp, H og Frp stemte for etableringa, mens Venstre, KrF og ein av dei tre i Ap stemte mot.

Ta vare på småbutikkane

Dette handlar om å respektere dei planane fylkestinget har vedtatt med stort fleirtal, og det handlar enda meir om å ta vare på småbutikkane frå Farsund til Risør og Hovden. Så innstendig eg kan vil eg oppfordre alle medlemer av Handel og Kontor, alle som arbeider i småbutikkar i landsdelen, alle som likar å handle i byane, alle som synest det er fornuftig å gå i butikken i nærmaste by— eller bygdesentrum om å innstendig be Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet om å snu.

Venstre meiner vi ikkje kan fortsette ein gal og lite miljøvennleg praksis, berre fordi noen andre har gjort dumme ting før.

Fylkesordførar Tellef Inge Mørland, Arbeidarpartiet, seier til Fædrelandsvennen at Aust-Agder må seie ja nå fordi Vest-Agder har tillatt så mykje på vestsida av fylkesgrensa før. Javel? Det er jo dei mange etableringane på Vest-Agders side av fylkesgrensa som har øydelagt så mykje for så mange, og som gjer at folk køyrer bil lange vegar for å handle det vi burde handle i nærmaste by- og bygdesenter.

Vi kan ikkje risikere at mange butikktilsette i heile landsdelen mistar jobben.

Venstre meiner vi ikkje kan fortsette ein gal og lite miljøvennleg praksis, berre fordi noen andre har gjort dumme ting før. Det gjer jo ikkje situasjonen betre å sleppe til enda eit stort handlesenter, i den sårbare situasjonen mange små klesbutikkar i Farsund, Lyngdal, Vigeland, Mandal, Tangvall, Kristiansand, Vennesla, Evje, Valle, Hovden, Birkeland, Lillesand, Grimstad, Arendal, Osedalen, Tvedestrand, Risør og Brokelandsheia er i?

Slutte å logre med halen

Eg ber innstendig Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet slutte å logre med halen for sterke kapitalkrefter og heller støtte distrikta og dei bysentra vi har på Sørlandet. Vi kan ikkje risikere at mange butikktilsette i heile landsdelen mistar jobben. Sørlandsparken er ein støvsugar som legg store delar av handelslivet i landsdelen øde. Kjenner du noen politikarar i Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet på fylkesplan i Aust-Agder? Ring dei og be dei stoppe dette!

La oss kjempe for småbedriftene, og for dei mange som arbeider i klesbutikkane og liknande butikkar i heile landsdelen.