Boka ser ut til å vere i samsvar med vitenskapen. Og vi kan slå fast med det same at vi stammar frå apene, frå menneskeapene sjimpanse. Det har lenge vore hevda at vi og sjimpanane har 98 % felles genar, men nyare målingar viser at vi har heile 99 % felles genar. Her må det tilføyast at vi ikkje stammar frå ein nolevande sjimpanseart, men frå ein art som levde for 5-7 millionar år sidan.

Her er Iglands anmeldelse av boka

Det er ikkje berre genar som provar menneskeslektas utvikling/evolusjon. Forskarane har funne fossile restar av menneskeartar fem millionar år tilbake, fire millionar år tilbake, tre millionar og så vidare. Var enkelte litt usikre på dette før, burde alle vere sikre no, sjølv noe skeptiske sørlendingar som lenge har halde seg til usannsynlege førestillingar som ikkje kan stadfestast vitenskapeleg.

Så vil somme hevde: Kvifor vart ikkje alle menneskeapene til menneske? Eit særdeles godt spørsmål, men det fins også like gode svar. Afrika er ein enormt stor verdsdel med store innsjøar, fjellkjedar og floder. Mens menneska trekte ut på savannen der utviklinga skaut fart, stagnerte andre grupper i mindre utviklande miljø. Elles vil eg nemne at fleire menneskeartar har levd samtidig, også utanfor Afrika. I tillegg til vår art, Homo Sapiens, var det Neandertalfolket, Homo Erektus og Homo Afarensis. Desse mindre gruppene døde ut, eller vart slått ihel.