Med ei ny stor kommunereform på gang syner ein rapport Noregs Mållag har fått utarbeidd, at det same kan skje på nytt.

Nynorsk er eit mindre brukt språk i Noreg, og det er difor viktig med område der nynorsken vert hegna om. Det er i nynorskkommunane ein i dag møter mest nynorsk, og me veit at nynorsk opplæringsspråk i skulen er meir robust der det vanlege språket utanfor skulen også er nynorsk. Det vert vanskelegare å halde på språket sitt i det ein hamnar i tydeleg mindretal. Slår ein saman små nynorskkommunar med store bokmålskommunar, skaper ein slike mindretal som gjer det vanskelegare å halda på nynorsken.

Nynorske sentrum

Kommunale arbeidsplassar med nynorsk som administrasjonsspråk er viktige, saman med sterke nynorske sentrum. Om kommunereforma sentraliserer arbeidsplassar til bokmålssenter og slår saman kommunar med ulikt tenestemål, vil posisjonen til nynorsken verta utsett. Det ser me heilt klart frå førre samanslåing. Det er vanskeleg å sjå for seg at små nynorskkommunar i møte med store bokmålskommunar skal kunne klare å krevja stort i dei nye kommunane.

Det er framleis uklart korleis framtidas kommunekart vil sjå ut. Men konsekvensane for det nynorske språket må inn i utgreiingar og diskusjonar rundt eventuelle samanslåingar.