Kommunesamanslåing? Er alle viktige spørsmål reist? Kva med nynorsk? Blir det med nynorsk som med mange gamle hus som er borte? Når det har gått ei tid, kjem ettertanken, det var eit for stort tap at huset vart øydelagt.

Kommunane skal bli robuste og yte innbyggarane sine gode tenester. Kultur, identitet og språk er ein viktig del av det.

Danske embetsmenn

Den historiske utviklinga i landet — med dansk styre og danske embetsmenn i 400 år frå svartedauden til 1814,- ga oss dansk skriftspråk. Øvste myndighet, kongen, var i København. Det same var universitet, teater, bibliotek, museum. Etter 1814 vart det på mange felt arbeidd for å bygge opp nasjonen Noreg med eigne institusjonar, styringsverk, språk, universitet, og så vidare. Ivar Aasen fekk stipend frå staten til å reise rundt i landet og studere korleis folk snakka. Han reiste i fire år, frå 1842 til 1846. I byane snakka og skreiv fiffen eit fornorska dansk. Dei fleste andre snakka ein bydialekt, eit gatespråk, i slekt med dialektane elles i landet Det han samla vart brukt som grunnlag for eit felles norsk skriftspråk som vart heitande landsmål. I 1885 vart vedtok Stortinget at landsmål og det då brukte bokspråket dansk, skulle vere likestilte. Landsmålet vart i 1929 døypt om til nynorsk.

Striden mellom tilhengarane av desse to målformene har vart i snart 150 år. Nynorskforkjemparar har ofte hevda at striden ikkje har vore jambyrdig. Språkstriden har mykje vore «fiffen» mot «bermen». By mot land, byborgar mot bonde. Ved etablering av Det norske teatret i Oslo i 1912 vart det slåsskamp utanfor inngangen. I dag nektar redaktørane i dei største avisene journalistane sine å skrive nynorsk i Aftenposten, Dagbladet og VG.

Element av klassekamp

Bokmål og nynorsk har eksistert side om side og påverka kvarandre i 130 år. Striden har fortsatt element av klassekamp. Stortingsvedtaket om likestilling mellom bokmål og nynorsk blir stadig sabotert. Eller er det nå meir ein kamp mellom nynorsk og fordommar. Korleis kan det ha seg at mange norske ungdommar opplever nynorskundervisninga som bare heft og plunder medan innvandrarungdom, som har delteke i forsøksprogram der dei har fått lære nynorsk, seier at dei med det forstod det norske samfunnet og det norske språket betre? Ein lærar i Kristiansand fortalte meg at ho opplevde at innvandrarungdom lærte nynorsk raskare enn etnisk norske ungdommar. For dei norske står fordommane i vegen og stenger. Kor kjem fordommane frå?

Dagens mållov gir kommunane i oppgåve å melde frå til staten kva målform kommunen vil ha statlege skriv på, nynorsk, bokmål eller nøytralt. Ein kommune som vil ha skriv på nynorsk nyttar også i stor grad nynorsk som administrasjonsspråk. Då er også opplæringsmålet i grunnskulen nynorsk og kyrkjemålet er nynorsk. Nøytralitet skulle bety like vilkår for både bokmål og nynorsk. Ein tydelig dokumentasjon på

fordommane er at nøytrale kommunar i realiteten er bokmålskommunar. Kommunesamanslåing vil medføre færre nynorskkommunar og fleire «nøytrale».

Kunne ikkje nynorsk

Evje og Hornnes kommune valde for mange år sidan å vere nøytrale då dei fekk ein rådmann som hevda han ikkje kunne nynorsk. Kommunestyrevedtaket om nøytralitet seier i tillegg at kommunen skal fortsette å bruke nynorsk som før. Gjorde kommunen det? Nei. Skulemålet er ennå nynorsk. Kyrkjemålet er nynorsk. Men all tekst frå kommunen er på bokmål. Ein lærar som ville bruke nynorske julesongar i felles juleavslutting for få år sidan, opplevde at rektor nekta henne det. Ein kulturell og politisk sentral person i kommunen, som også var sentral nynorskmann, skal ei gong ha sagt at «ja, me blir vel gravlagde på bokmål». Og det vart han!

Samfunnet har endra seg mykje på 130 år. Før budde folk flest på landsbygda. Nå bur langt fleir i byar og tettstader. Folk som i bokmålsområder ønskjer nynorskopplæring for ungane sine har kjempa mange ulike kampar og ofte tapt. I 1950 fekk 30 prosent av ungane opplæring på nynorsk. I dag er prosenten 14. Dersom alle born til foreldre som ønskjer nynorskopplæring for ungane sine hadde fått det, hadde prosenten vore høgare.

Levedyktig nynorsk

Likevel synest nynorsken på mange områder å vera svært så levedyktig, trass i fordommar og manglande likestilling. Kva hadde Noreg vore utan nynorsk? Utan forfattarar som Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad, Halldis Moren Vesaas, Olav H. Hauge og multiaktivist som Hulda Garborg? Kva var «Hallo i uka» utan Are Kalvø ? Kvifor dukkar det stadig opp nye nynorske forfattarar? Også enkelte med bokmål som hovudmål i skulen har funne nynorsken meir høveleg til litteraturen dei ville skape.

Kor mange veit at det eksisterer eit Norsk barneblad, med lesestykker, teikneseriar, osv på nynorsk? Og det heilt utan reklame! Bladet har eksistert sidan 1887 då det vart starta av student Kristen Stalleland frå Grimstad.

Ved å slå saman kommunar vil styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål bli endra, i dei fleste høvene til bokmålets fordel. Samanslåingsprosessen må finne nye måtar å sikre nynorsken ei framtid. Me skal ikkje oppleve om ein del år at det blir som med gamle hus — trist at nynorsken er borte! Å gje kommunane ansvaret for dette, som kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har gjort, er ei ansvarsfråskriving. Ivaretaking av nynorsk er ei nasjonal oppgåve. Kan nynorsk i barneskulen vere eit kriterium for kva kommunar som bør slå seg saman? Eller nynorsk i skulen for alle frå første klasse?