Lova slår fast at bokmål og nynorsk er jamstilte målformer, og båe skal nyttast av det offentlege embetsverket. Offentleg tilsette er pliktige til å svare sendaren på same målform eller den forma han eller ho ynskjer. Ein kommune eller fylkeskommune kan tilmed krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan, og det er krav om at ingen av målformene skal vere representerte med mindre enn 25 prosent.

Tenestetilbod

Krava i mållova gjev dårlegare utnytting av verdfull tid. Effektivisering av offentleg teneste og fjerning av tidstjuvar er eit av Regjeringas store mål. Dagens lovgiving er i aller høgste grad ein tidstjuv og på ingen måte naudsynt for å oppretthalde eit godt tenestetilbod. Dei to målformane er svært like, og kan sjølvsagt forståast uten problem. Kvifor skal ein eksempelvis tvinge politiet til å tvitre på nynorsk, eller bokmål for den saks skuld. Det er mykje viktigare at dei sørgjer for tryggleika til norske borgarar framfor å uroe seg for nynorsk grammatikk! Nyleg nekta ein ihuga målmann å godta ein bot på 7000 kroner fordi den var skriven på bokmål. Han har seinare sendt utallege brev til politiet med krav om å få boten på nynorsk. Eg undrar meg, kor mykje tid og økonomiske ressursar har denne stabeisen åleine kravd?

Skulen og arbeidslivet

Bevaring av nynorsk som eit sjølvstende skriftspråk kan ikkje skje gjennom tvang. Diverre er det slik at dess meir ein tvingar bokmålsnyttarar til å skrive nynorsk, og vice versa, di dårlegare vert haldningane ute kring folk, både i skulen og arbeidslivet. Dei seinare åra har nynorsk vorte meir og meir utvaska, spesielt etter at samnorskpolitikken vart skrinlagt, noko som kring anna er eit resultat av eit ynskje om å tilpasse språket til bokmål for å gjere nytta enklare. Dette skjemmer språket! Ei fjerning eller drastisk endring av mållova vil på den eine sida truleg redusere nytta av nynorsk i offentleg forvalting noko, men også sikre at nynorsken held vesentleg høgare kvalitet, når denne vert utøva av tilsette som får skrive hovudmålet sitt. Eit skriftspråk vert ikkje heldt levande av paragrafar i ei tjukk lovbok folk flest aldri har opna!

Jamstillingsvedtaket ifra 1885 var på ingen måte eit feiltrinn, og eg er oppriktig glad i det språkmangfaldet vi har i Norge. Mållova fra 1980 er diverre eit heilt anna kapittel. Den representerar statleg overformynderi på sitt verste, og har i dagens utgåve ikkje livets rett. La folk skrive på det målet dei kan!