Forsvaret og regjeringa har fått hovudskulda for dette, men kva ansvar hadde Stortinget? Løyvingane til forsvaret var så små at få soldatar i 1940 var trena godt nok til å krige. Soldatar må øvast i minst tre månader før dei kan brukast i strid. Dei norske soldatane hadde ei øvingstid på om lag 60 dagar. Dei var trena for å halde vakt, ikkje å krige. Då norske soldatar likevel vald å sloss, seier mest om kjenslene deira for landet sitt. Kystartilleriet hadde i april om lag ein tredjedel av dei personane som dei skulle hatt etter planane sine.

Tok regjeringa lærdom?

Finland hadde vore i krig mot Sovjetunionen frå november 1939 til mars 1940. Den finske regjeringa var i periodar evakuerte frå Helsinki. Finske soldatar laga sperringar, dei såkalla mottiane. Sovjetstyrkane rykke fram på vegane på grunn av snøen. Finske soldatar laga sperringar framme og avskar styrkane bak. Tok forsvaret og regjeringa lærdom av det som skjedde i vinterkrigen? Nei, forsvaret og styresmaktene sat trygt i byane. Og det var desse byane tyskarane først slo ut og okkuperte.

Storting, kongehuset og regjeringa reiste til Hamar om morgonen 9. april. Fordi tyske soldatar var undervegs, reiste dei vidare til Elverum. Tyskarane vart stoppa på Midtskogen eit stykke utanfor Elverum. Om kvelden var Quisling i radioen og sa at han hadde skipe ei ny regjering. Då den tyske sendemannen, Brauer, møtte kongen på Elverum, var eit av krava at Quisling skulle vere statsminister. Eit krav ingen norske politikarar kunne gå med på. Og først då dette kravet var avvist, var Noreg i krig mot Tyskland. På sitt vis redda dermed Quisling Noreg.

Kom til Lillehammer

Regjeringa og kongen ville over til Sverige, men svenskane ville ikkje ha dei inn i landet. Regjering oppheld først i Elverum, deretter Nybergsund og Rena. Først etter dagar med reising og nøling kom regjeringa til Lillehammer. Statsministar Nygaardsvold var ein samfunnsbyggjar, ikkje ein krigar.

Sentralbanksjef , Nicolai Rygg, tenkte på ein annan måte. Alt frå 1938 førebudde han at gullet i Noreg måtte sendast til Storbritannia og U.S.A. Rygg sende mesteparten av gullet til desse landa. Resten av gullet, ca 50 tonn, fekk han pakka i kassar og tønner klare til og transporterast bort. Rygg hadde skaffa eit sikkert bankkvelv på Lillehammer. Om morgonen 9. april fekk Rygg gullet lasta på lastebilar som med ein gong køyrde til Lillehammer. Lite av det arbeidet Rygg gjorde, er nemnt i historiebøkene. Alle har høyrt om ferda til gullet frå Lillehammer til Storbritannia.

Regjeringa ga ingen råd

Regjeringa fungerte dårleg. Ho gav ingen råd til folk som budde i tysk kontrollerte område. Varaordføra i Oslo, Einar Gerhardsen, vart send til Lillehammer for å spørje om råd. I staden for å svare Gerhardsen, vart han send med gulltransporten. Det manglande svaret frå regjeringa, fekk triste følgjer. Tyskarane kravde at nordmennene skulle utbetre både Fornebo og Værnes flyplassar. Nordmenn administrerte dette arbeidet. Arbeidarar jobba på Værnes mens det framleis var kampar om Hegra festning to— tre mil unna dei. Tyske fly frå Fornebo og Værnes bomba norske soldatar for å drepe dei. Handelsflåten som var utanriks, kom etter får dagar under regjeringa sin kontroll. Sjømennene skulle halde fram om bord på dei norske skipa. Dermed sende regjeringa barn under 16 år ut i krigen.

Korleis organiserte Winston Churchill hjelpa til Noreg? Rot og forvirring. 9. april skjedde det som ikkje kunne skje. Og historia er fulle av døme på at når slike uttenkjande hendingar skjer, blir det full forvirring. Ingen planlegg at det utenkjande skal hende.

Innlegget er forkortet. Red.