Redaksjonskomiteen som Risør bystyre (gjennom kulturkomiteen) utnemnte har køyrt eit fullstendig solokøyr. Bystyret burde for lengst tatt grep.

Arbeidsgruppa for verket kravde fagleg kompetanse. Bystyret nytta 100.000 på eit forprosjekt, for å sikra faglege kvalitet. Rapporten her ifrå slo fast at forfattar måtte vera fagleg oppdatert, kutlurkomiteen vedtok at forfattaren måtte vera «en faghistoriker med minimum mastergrad/hovedfag».

Redaksjonskomiteen ville det altså annleis, og med Norman som komitémedlem gjekk fagkravet tapt i utlysinga. Etter valet vektla komiteen hovudsakleg Normans glød, seinare påsto dei han var «en av landets fremste vitenskapsmenn». Dermed unngjekk dei at han aldeles ikkje kan faget.

Ifølgje forprosjektetet har tidlegare verk for sterk vektlagt økonomi og sjøfart. Folk flest er ikkje med i forteljinga. Arbeidsgruppa var samd: «Nå er det viktig å sette søkelyset på menneskene som bodde her og på det livet de levde». Men Norman har tvert om makroøkonomi som hovudfelt, og forsvarar seg med kunnskap om nettopp skipsfart (i Dagens Næringsliv , 27.08.2015). Korleis passar tilsettinga med perspektiva som er kravd?Komiteen har elles gått i skyttargravene etter utpeikinga. Leiar Kjell Pihlstrøm har omtalt kritikk som «ufin», «skremmende», «sjikanøs» og liknande. Saman med komitémedlem Kjell-Olav Masdalen har han hevda alle fagleg utdanna historikarar vil nekta andre tilgang til historieskriving. Slik har ein prøvd å ta mannen i staden for ballen, og forkludra eit kvart konstruktivt innspel.

At redaksjonskomiteen for Risørs historieverk har slik utvilje mot fagleg kompetente historikarar er ille nok. Men bystyret burde her reagera på at komiteen med vilje har gitt blaffen i krava stilt til dei ‒ ikkje berre kalla valet overraskande, men greitt, slik ordføraren har gjort. Med 6 millionar i potten burde dei folkevalte krevja større kontroll med prosessen. Ei slik uskikka og urimeleg innstilling burde aldri gått gjennom.