Fjermeros såg sjølv lyset i 1970-åra. Då var han medlem av AKP (m-l). Partiet ville gjere væpna revolusjon i Noreg. Ideologisk var dei store leiarane og profetane: Lenin, Stalin og Mao. Medlemskap i partiet var hemmeleg. Medlemmene måtte ta sjølvkritikk når dei svikta partilina.

Personlege vtinemål

Eg vaks opp med Vestlandske indremisjonsselskap. Sentralt i møta deira var det personlege vitnemålet. Der fortalde dei om kva synder dei hadde gjort. Då eg var student, råka eg på AKP-(m-l) medlemmer

og fortalde dei kor dei likna på indremisjonen. Dei hata meg, når eg etter dei hadde vore på møte, spurde slik me på Vestlandet gjorde: Var det eit godt møte? Vart mange frelste frå syndene sine?

Fjermeros har hatt ei ny omvending. Nå skriv han om partiet Rødt: «— jeg som folkevalgt ønsker å framheve den kritiske tradisjon som mitt parti springer ut fra, en kritikk som både retter seg mot religiøse trosforestillinger og religiøse maktinstitusjoner, så vel som mot ideologiske og verdslig makt. Rødt har programfestet religionsfrihet på linje med ytringsfrihet som et grunnleggende demokratisk prinsipp.» Desse tankane hadde vorte kraftig døme på partimøter i 1970-åra. Men betre seint enn aldri!

Reaksjonane

Boka «Levende ord» har gitt meg mykje glede. Det ville berre vere snakk om tid, før personar sa kva dei meinte om boka. Og gildt har det vore å lese og høyre om reaksjonane på boka.

P.S. Eg tykkje at du, Halvor Fjermeros, gjer ein glitrande jobb i bystyret. D.S.