Men ikkje nok med det. Han følgjer opp med eit innlegg der han utvidar sin kritikk. Utgangspunktet for angrepet var at eit møte om arealplanen for Kristiansand blei utsett. Men i det siste innlegget kritiserer han også Statsforvaltaren for å gjere jobben sin og protestere på nedbygging av natur og andre forhold som strir imot nasjonale retningsliner.

Det er litt underleg at Bernander plutseleg har blitt så opptatt av å få fart på arbeidet med arealplanen. Protestane frå Statsforvaltaren og andre etatar blei lagt fram til politisk behandling før valet. Men Høgre valde å gå for utsetjing, noko som førte til at arbeidet blei fleire månader forseinka. Dei argumenterte med at dei trengte meir tid for å setje seg inn i ei omfattande sak. Men når Statsforvaltaren treng nokre veker for å gå igjennom det same sakskomplekset, så rykker ordføraren ut i media og brukar storslegga. Dette er rimeleg arrogant for å bruke ordføraren sine eigne ord.

Men Høgre valde å gå for utsetjing, noko som førte til at arbeidet blei fleire månader forseinka.

Bernander prøver å gi inntrykk av at dei naturinngrepa som Høgre kjempar for, er nødvendige for å oppretthalde boligbygginga og halde nede boligprisane. Men han underslår at administrasjonen sitt forslag til arealplan hadde rikeleg arealreserve for boligbygging i eit trettiårsperspektiv. Dessutan har fleire av dei naturinngrepa som Høgre vil forhandle om, liten innverknad på arealreserven for boligbygging. Derimot er fleire av dei i strid med nasjonale føringar for å ta vare på sårbar og verdifull natur, ikkje minst i strandsona som er hardt belasta frå før.

Naturverdiar og biologisk mangfald er under sterkt press både globalt, nasjonalt og lokalt. I utgangspunktet burde kommunen sjølv vere opptatt av å ta vare på naturen slik administrasjonen i utgangspunktet la opp til. Men når utbyggingsinteressene får forrang framfor viktige naturverdiar, så er det bra at vi har nasjonale føringar og ein Statsforvaltaren som gjer jobben sin og legg inn protestar. Det er til glede for fellesskapet og for framtidige generasjonar.