Facebook-gruppa «Vi som vil ha Søgne kommune tilbake» har tidlegare hatt fleire innlegg i fvn der dei har skrive «Look to Ålesund». Intensjonen har vore å belyse korleis «løsrivelsesprosessen i Søgne er lik den i Ålesund».

Mi innvending er at det dei har skissert av prosess i Ålesund har vore ufullstendig. Derfor har eg reagert på det. Ein kan ikkje trekke fram Ålesund som ideal utan å ta sjølvkritikk på dei forskjellar som er mellom prosessen i Ålesund og Kristiansand.

Eg tenker på at dei har hatt ein grundig prosess med meiningsmåling i heile Ålesund. Dette har det vore motvilje mot blir gjennomført i Kristiansand, både frå regjeringa og hos aksjonistane, slik eg har forstått det.

Når «Vi som vil ha Søgne kommune tilbake» kritiserer min påstand: «vi kan rekne med legevakta i Søgne vert lagt ned ved deling», så kan eg berre vise til ein kronikk av legane ved helsesenteret i Søgne, 2022, og som med i underlaget av statsforvaltaren sin rapport, med tittelen: «Gamle Søgne og Songdalen Legevakt vil ikkje gjenoppstå». I kronikken presiserer dei at legevaktordninga er organisert på ein måte i Kristiansand, som gjer at fastlegetenesta ikkje blir så belasta. Dei har faste stillingar i legevaktordninga.

Cultiva og Bydelsfondet blir av «Vi som vil ha Søgne kommune tilbake» vurdert som svært dårleg for Søgne, slik fordelinga er i dag. Det blir påstått at det berre er 1 % av midlane frå Cultiva som har tilkome Søgne. Eg kjenner ikkje tala på dette, og meiner dei beste til å svare på det er Cultiva og Bydelsfondet sin administrasjon.

«Vi som vil ha Søgne kommune tilbake» skriver at dei tidlegare kommunane har vore levedyktige kommunar. Det er vel få som er ueinige i at dette er rett i lange periodar, men ingen kan heller ignorere at oversikter frå kommunebarometeret frå Kommunal rapport, viser eit betre bilde av effektiviteten i nogjeldande kommunesamanslåing, enn før samanslåing.