Dei trekker og Songdalen inn, noko dei kanskje likar i Songdalen. Men sannsynlegheiten for at det blir fleirtal mot deling for Songdalen sin del er overhengande stor. Intensjonen med denne artikkelen er å prøve klargjere forskjellane mellom Kristiansand og Ålesund knytt til kommunedeling.

Ein viktig forskjell er at kommunestyret i Ålesund gjennomførte ei opinionsmåling om «Haram ut av Ålesund» for heile Ålesund, før det vart gjort ei folkerøysting. Dei tok for seg folks vurdering av kommunale tenester og tilbod i heile Ålesund, samt kva dei meinte og ville bli resultatet – for eller mot kommunedeling. I tillegg kva dei meinte om delinga ja eller nei. Det var 5 av 10 i heile Ålesund som ville stemt for deling og 7 av 10 som gjekk inn for kommunedeling i avrøystinga i Haram. Dette vart gjort i februar 2022.

Atle Julius Fosse

Etter denne opinionsmålinga/meiningsmålinga vart det i mars 2022 gjort ei folkerøysting med 66 prosent frammøte. Den var avgrensa til Haram, og viste 71,75 prosent ja til deling og 28,25 prosent var mot.

Haram skil seg ut frå Kristiansand ved at Søgne og Songdalen høyrer naturleg til som del av Kristiansand. Derfor har vi og meiningsmålingar i Kristiansand som viser at det er eit solid fleirtal mot deling i Songdalen og eit ytterst marginalt fleirtal for deling i Søgne (innan statistisk feilmargin). Dersom vi ser på opinionsundersøking i heile kommunen, har den og vist et klart fleirtal mot deling. Men regjeringa vil ikkje lytte til folkevalde.

Grunnen til at eg personleg har vore open for ei folkerøysting på visse vilkår, er at eit viktig bakteppe for konflikta har vore at samanslåinga i 2017 i Kristiansand ikkje bygde på ei folkerøysting på K3, men K5. Folket vart høyrt på K5, men ikkje på K3, fordi det ikkje vart gitt tid til slik folkerøysting. Ei tolking av kommunestyrevedtaka i dei tre kommunane, la grunnlag for Stortinget sitt vedtak i strid med korleis aksjonistane og noverande regjering tolka vedtaket. Samanslåinga vart slik sett gjort på politisk grunnlag, tolka på sin måte. Ein kan vel såleis seie at prosessen kunne vore betre i 2017, men den var ikkje ulovleg. Ein realistisk omkamp om det som skjedde i 2016/17, er uansett ikkje mogeleg i 2023/24.

Endå ei side ved saka som aksjonistane ikkje tek tak i, er at Kommunal Rapport viser til målingar på kommunebarometeret om at Kristiansand ligg langt betre an enn gamle Søgne og Songdalen. Det viser at dei tre kommunane er ei slagkraftig eining. Ei heilt anna sak er at det finst ting å rette på; men dette er spørsmål som kan drøftast med eit velvillig kommunestyre etter avgjersla. Det viktige er at vi får behalde bygdene Søgne og Songdalen utan å skilje lag med Kristiansand by.

Endå ei sak som er utelate frå innlegget i fvn til aksjonistane, er at den ikkje nemner Statsforvaltaren sine innvendingar mot deling; og at det kan svekke den faglege kvaliteten i tenestene. Legevakten i Søgne må ein rekne med vil verte lagt ned. Det står ganske tydeleg i statsforvaltaren sin rapport. Det andre er at Søgne og Songdalen misser tilskotsordningar som Byfondet og Cultiva, for å nemne noko. Næringslivet får dårlegare kår.

Personleg meiner eg det ennå ville vere mogleg med dialog om saka med regjeringa dersom det var vilje til det sentralt. Men mykje av grunnen til at det er blitt slik, er at regjeringa rir ein kjepphest, som er kome heilt ut av kontroll. Dersom ei avgjerd lokalt skal bli styrt av eit prinsipp i Senterpartiet, framfor ei brei politisk vurdering i Stortinget, så forstår ikkje eg kva demokrati vi har. Eg forstår heller ikkje kva vi har folkevalde til.

Dersom ei avgjerd lokalt skal bli styrt av eit prinsipp i Senterpartiet, framfor ei brei politisk vurdering i Stortinget, så forstår ikkje eg kva demokrati vi har.

Til slutt skal seiast at det er eit lokaldemokratisk problem at regjeringa bind seg til deling på 50,1 prosent. I Haram kunne dei derimot gå til folkerøystinga med eit ope sinn, og basert på eit solid fleirtal gå inn for deling med Ålesund. 71,75 prosent er eit så overveldande fleirtal, at det ville vere urimeleg om Ålesund kommune og stortinget ikkje tok omsyn til det. Slik er det ikkje i Kristiansand.

Slik det ser ut no, er det berre Stortinget som kan gjere noko med dette. Saka kunne vore løyst på eit lågare nivå, om regjeringa hadde betre kommunikasjon med kommunen. I staden går dei med kjepphesten til Stortinget og håper at den og kan brukast der. All makt skal ikkje liggja i ei folkerøysting, men delast mellom folket og folkevalde.