Ingen av partia ville har ein felles pris for heile landet. Ap hevda at ulike regionar gav konkurranse og lågare pris til kundane.

Astrup frå Høgre sa at kablane frå utlandet var ei sikring mot turre somrar i Noreg. Han sa ingenting om korleis kraft frå kablane skulle kome til Trøndelag.

For det er ein bløff at kablane frå utlandet sikrar straumen i Trøndelag. Nett nå er prisen her Sør 57 øre, i Øst minus 3 øre. Og Ap var glade for at prisen på straum nå var på under 60 øre i region Sør.

Hurra for Høgre og Ap! Det er ei skam at dei som er våre representantar på Stortinget, sit stille som mus og seier ingenting. Og det gjer dei sjølv om arbeidsplassar blir flytta frå sør til Trøndelag. Agder og Rogaland bør gjere eit felles opprør mot straumprisen på Stortinget.

Dei kommunale avgiftene skal aukast i Kristiansand neste år. I tillegg har med den høgaste straumprisen i landet. Og regjeringa tek overskotet frå energiverka frå vår region.

Me må betale dobbelt opp. Høge avgifter på kommunale tenester og straum. Kommunane i vår region burde få att pengane me betalar ekstra for energien.

Men nei! Regjeringa har bruk for desse pengane andre stader. Kva parti vil la oss sjølv få bruke overskotet av energien? H, Ap og SP vil det ikkje, høyrest det ut til.

Det partiet som kan love ein felles pris på straum for heile landet, får mi røyst ved neste val. Eg har fått nok av pinlege forklaringar frå Ap og Høgre om straumprisen.