Dertil har destroyaren USS Porter kom enn i Svartehavet ved grensa til Russland. USA har også sendt hangarskipa USS Harry S. Truman og USS Dwight D. Eisenhover i retning Russland, fulle av krigsfly og bomber. Alt dette for å omringe landet, trass i at stormaktene vart samde om å ikkje ekspandere «ein tomme austover» etter den kalde krigen. Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg (bildet),

Jens Stoltenberg. Foto: Virginia Mayo

har neppe all skuld i slik krigshissing. Han er løpegut for CIA, Pentagon og Obama. Ikkje underleg at Nato ville ha halvøya Krim — som har vore russisk sidan 1700-talet. I så fall ville USA/NATO no ha vore på Krim med full militær utrustning. Det visste Russland. Heile denne aggressive våpenraslinga er underleg: Det er nemleg same sort folk i Russland som i Vesten, med nøyaktig identiske genar, mange stammar opprinneleg frå Sverige.

Heldigvis fins det vettuge folk som tenkjer annleis: Den sosialdemokratiske utanriksministeren i Tyskland Frank-Walter Steinmeier, Noregs Fredsråd, militær-eksperten Jacob Børrezen og mange fleire, har stått fram og manar til å bruke vit og forstand. Nasjonar må heller snakke saman enn å skyte kvarandre. Og den den 8. og 9. juli skal krigarane møtast til samtalar i Warszawa. Truleg utan våpen.