Sollie kommenterer ikkje mi drøfting av kor galt det er å la «eitt folks heilage bok få praktisk politisk verknad over eit anna folk», som eg skreiv. Tvert i mot held han fram med å tala om at «Abraham fikk løftet om landet». Ganske avslørande er samanlikninga han gjer med indianarane: «Det er vel få som forsvarer den (måten indianerne ble behandlet på), men det var tross alt Abraham Gud ga løftet.» Synd for indianarane, då, at ikkje Gud gav dei eit land. Nokre er Guds utvalde folk, andre er det ikkje.

Kristensionismen og IS

Verkeleg interessant vert det når Sollie skal tilbakevisa slektskapen mellom kristensionismen og IS med å syna til ulikskapen i praksisen til Israel og IS: «Israel tar i mot alle som ønsker å emigrere til landet med åpne armer, mens IS med sine sharialover og terror driver tusener på flukt.»

Dersom me — i staden for Sollie sine fantasiar om Israel - set dei verkelege tilhøva inn i likninga, ser me eit forbløffande samanfall. Israel har so visst, liksom IS, drive «tusener på flukt», nærare bestemt over 700.000 i 1948, og nye tusenar i -67. Og koloniseringa av Vestbreidda held fram med stor kraft. Dette er etnisk reinsing. Israel tek slett ikkje mot «alle som ønsker å emigrere til landet med åpne armer», men dei tek mot alle jødar. Ingen palestinske flyktningar fær koma heim att, trass i at FN-resolusjon 194 slær fast denne retten. Det er altso slik at ein jøde utan det minste tilknyting til landet har rett til å immigrera, medan ein palestinar som er fødd der ikkje kan koma heim.

Fører med seg fordriving

Det er dette som er kjernen i den jødiske staten Israel; staten er for alle verdas jødar, ikkje for dei som faktisk bur på territoriet, og slett ikkje for dei som vart flyktningar då staten vart skipa. Det er difor palestinarane ikkje kan anerkjenna Israel som jødisk stat , for det vil vera å godta at dei sjølv er andrerangs borgarar.

Denne karakteren av etnisk-religiøs eksklusivitet er felles for Israel og det islamske kalifatet til Daesh. Å tvinga fram religiøst eller etnisk reine statar eller område er ei dødsline for Midt-Austen. Det fører med seg fordriving, ufred og ufridom.

Einaste vegen fram, om enn han er vand å byggja, er sekulære statar med like rettar for alle religionar, for alle folkeslag. Arabar og kurdar, sunni og shia, jøde og kristen. For Israel/Palestina vil det seia ei einstatsløysing med like borgarrettar for alle.