— Romessig sett var det stopp no. Den siste biten var grei, men det var tungt å starta i dag tidleg. Eg kjende at det var ikkje meir guts att, seier eventyraren etter å ha fullført det han hadde sett seg fore: Å ro heile norskekysten, frå svenskegrensa i sør, til russargrensa i nord.

Sjølvplukka multer

GLER SEG: Gunn Fuglestrand har stelt heime medan Kjell Tore har vore på ekspedisjon. I går stod ho trippande utolmodig på stranda då kjærasten og ektemannen tok sine siste av meir enn ein million åretak. Foto: Helge Haukeland

Ordføraren i Sør-Varanger kommune, Cecilie Hansen, tok imot, med sjølvplukka multer i velkomstgåve. Velkomstkomiteen for øvrig var smålåten, men hjarteleg, med kona, Gunn Fuglestrand (47), som den aller viktigaste blant ei handfull nysgjerrige.3300 knallharde kilometer, meir enn ein million åretak, treblører, verk, kulde, væte og nestenulukker har turen bydd på. Det har vore eit blodslit, men ikkje på noko tidspunkt har det vore aktuelt å gi opp. Kjell Tore har alltid vore nøye med at avtalar er til for å haldast, også avtalane han gjer med seg sjølv.

Ein kamp

Kjell Tore Solvang på Hamarøy. Foto: Helge Haukeland

Dette var ein slik, og ingen ville blitt skadelidande om han hadde valt å stiga på land og gjera vendereis før Stad, i Brønnøysund eller på Hamarøy. Men, nei, 58-åringen har stått distansen, trassa vind og straum og motbør – og kjempa seg gjennom den kaldaste og våtaste sommaren i manns minne. Standhaftig har han teke det han har fått, krumma nakken og tvunge seg vidare. Stundom har det vore på kanten av det forsvarlege, og medbøra han fekk nyta godt av dei siste par kilometrane inn Bøkfjorden mot Kirkenes, var på ingen måte representativ for den nitti dagar lange reisa.

Feil sommar

Kjell Tore Solvang på Hamarøy. Foto: Helge Haukeland

— Eg valde nok feil sommar, men kven kunne vita? Eg har ikkje angra eit sekund på at eg la ut på denne turen, men, ja, stundom har eg ropt til både han der oppe og han der nede. Fordi det har vore viktig å få det ut. Innimellom har eg bant og skjelt og vore skikkeleg forbanna, og nokre gonger, når vêrgudane har vore trassige med meg, har eg vore trassig tilbake og reist meg mot dei. Men så har det også hendt at eg har måtta gi opp, for slik er naturen. Overgitt til elementa er vi små og sårbare, seier Kjell Tore.

Mektige opplevingar

Fisket var godt. Foto: Helge Haukeland

Ein einsleg dag har han rodd i T-skjorte og kortbukse. Det illustrerer kor trasig sommaren har vore. Det har ikkje stått i vegen for flotte naturopplevingar. Kjell Tore trekkjer fram ein av dei siste dagane på Finnmarkskysten. Sjøen la seg og fjorden kunne kryssast i havblikk, og brått var han omringa av åtte kvalar. Så kom det fire havørner og la seg over han. Snart passerte han sju steinkobber på eit skjer, og for liksom å krona den mektige opplevinga kom eit reinsdyr travande og plasserte seg på toppen av eit fjell.— Det var nesten til å bli religiøs av, seier Kjell Tore Solvang.

Ein månad før planen

FERDIG: Kjell Tore Solvang jublar i Kirkenes. Foto: Helge Haukeland

Han er ikkje utsliten, ikkje kraftlaus eller sluttkjørt i fysisk forstand. Berre lei og mentalt utlada, slik ein gjerne blir når målet er nådd og planen er fullbyrda.— Det er vel slik at ein programmerer seg og innstiller seg på at noko skal vara så og så lenge. Men det er klart at hadde det vore fire etappar att, så hadde eg teke dei også. Må du, så må du.

Han kom til Kirkenes tre månader etter starten i Skjærhalden. Ein månad tidlegare enn han opphavleg hadde planlagt. Det skuldast delvis tøff roing, men også det faktum at han valde ikkje å ro utaskjers eksponert for det ugjestmilde Barentshavet.

Lovde å overleva

Kjell Tore Solvang vart så glad etter endt tur. Foto: Helge Haukeland

— Når fiskarar som har verka her i 40 år, fortel deg at det gjer du berre ikkje i ein robåt, og knapt nok i ein sjark, ja, då lyder du dei. Eg har alltid spurd dei lokalkjende til råds. Det har eg hatt mykje att for, seier småbrukaren, byggmeisteren og føredragshaldaren frå Askøy.Han hadde lova kona si, Gunn, å overleva ekspedisjonen.

- Kva no, Kjell Tore?

— No skal eg skriva bok om turen. Den skal vera ferdig til 1. desember. Eg har ført logg kvar einaste dag, så eg har god kontroll over alt eg har opplevd. Så har eg litt å gjera på småbruket heime på Askøy, og siste helga i september skal vi arrangera meistringshelg for barn som har eller har hatt hjernesvulst, i Hålandsdalen hos Liv Grete Skjelbreid. Så skal eg vera verdas beste kjæraste for Gunn, det fortener ho, før hjortejakta tek til 1. september.

Slik kommenteres bragden av norske eventyrarar og idrettsprofilar:

Tom Tvedt, idrettspresident

Ein styrkeprøve både fysisk og mentalt. Eg synest absolutt at dette må kunna gå inn under omgrepet idrett. Eg bur sjølv på Randaberg og ser ut på havet. Eg ville hatt trøbbel med å gi meg i kast med Jærkysten, så det Kjell Tore har gjort, står det verkeleg respekt av.

Stein P. Aasheim, eventyrar og forfattar

Det er heilt fantastisk, det han har gjort. Eg har følgt med han heile vegen. Han er 58 år, og dette er ei bragd eller ei utfordring som vanlegvis blir utført av folk i ei heilt anna aldersgruppe. Det er utruleg artig at han hadde guts til å setja i gang. Sjølvsagt er det imponerande å gjennomføra, men mest imponerande og inspirerande for ein gammal mann som meg (64), er det at han kastar seg ut på djupt vatn, bokstaveleg talt. Han fortener all ære og honnør.

Liv Grete Skjelbreid, tidlegare skiskyttar

I mitt hovud er dette toppidrett. Når du pressar kroppen slik som han har gjort, og i tillegg skal takla einsemd og redsle, er du nøydd til å vera mentalt sterk. Dette viser kor mykje vi har å gå på viss ein berre vil noko sterkt nok. Å koma seg gjennom dei tunge dagane, og snu negative tankar til å bli positive, det går greitt så lenge du er i fysisk balanse. Kjell Tore har i tillegg måtta kjempa for å overleva. Det gjer prestasjonen endå meir imponerande.

Aleksander Gamme, eventyrar

Fy fader, det var ein real rotur! Eg har ikkje rodd så mykje sjølv, men eg har ein del røynsle med tilsvarande monotone greier. Det blir mykje slitasje på kroppen når ein held på så lenge. Mest imponert er eg over at han har halde fram frå Kirkenes og vidare mot aust. Det er tøft gjort. Eg er ikkje overraska over at det er ein vaksen mann som har gjort det. Ein treng litt fartstid i livet for å leggja ut på noko slikt. Vi som har gjort tilsvarande, veit at dette krev meir enn dei fleste er villige til å putta inn i det.

Olaf Tufte, roar i verdstoppen

Det er sinnssjukt, galskap, det han har gjort, og i høgste grad ein idrettsprestasjon. Det er éin ting som har fått han gjennom, og det er fysisk og mental styrke. Eg veit ikkje om eg sjølv ville vore mann for oppgåva, men eg kjenner Kjell Tore som ein særdeles mentalt robust kar. Dessutan er han ein sta jævel. Når han set seg eit mål, gjennomfører han, men eg veit at han har hatt nokre harde basketak med seg sjølv.