Det var noko symboltungt over det då Kjell Tore Solvang i går kryssa Korsfjorden og grensa til Bergen. På den våtaste dagen i mai.

For han er ikkje nett blitt velsigna med godvêr så langt på ekspedisjonen frå svenskegrensa til russargrensa. Det har helst vore rusk.

I fin form

— No håpar eg på nokre fine dagar og kanskje eit høve til å ro i T-skjorte, seier Kjell Tore, nett ilandstigen i full drakt og redningsutstyr på nordsida av Fanafjorden.

Men først unner han seg nokre kviledagar heime på Askøy. Blir vêret ok, ror han båten til heimehamna på Askøy i dag, laurdag. Dersom ikkje, set han seg på tofta att der han steig i land fredag, i Grimseidpollen. Tysdag eller onsdag går ferda vidare.

I 20 dagar har han rodd, og nevane ber tydeleg preg av påkjenningane. Men elles er 58-åringen i uforskamma fin form. Framleis full av overskot og pågangsmot.

Utfordrande pause

— Eg forstår ikkje heilt kor energien kjem ifrå, for eg et nesten ingenting. Eg har ikkje appetitt. Hin dagen fekk eg i meg fem knekkebrød med makrell i tomat og to energibarar. Og det var det. Eg drakk sant nok fem liter med energidrikk, men det kan jo ikkje halda fram slik, seier Solvang.

No skal han eta seg opp.

Pinsepausen er velkomen, men også utfordrande. Fordi det alltid er litt bale å koma i gang att etter eit såpass langt avbrekk. Både fysisk og mentalt er det krevjande når musklane verkjer, nevane svir og den gode, mjuke senga må bytast med ei finérplate under ei våt presenning.

— Men samstundes er det det eg har sett meg fore. Å tyna meg sjølv, og no er ein fjerdedel av turen unnagjort, og eg har mindre enn hundre dagar att. Det er ein milepæl som er passert, men for all del; det er langt att, minner Kjell Tore om.

Ein kyrkjegard

Det han gler seg aller mest til no, er å treffa folk. Setja seg ned og preika, vera sosial, dela opplevingar. For det har vore ei einsam ferd til no. Forbi hus og hytter i timillionarsklassen. I mai står dei framleis gapande tomme og ventar på eigarane sine. For Kjell Tore har det vore ei underleg oppleving.

— Det er eit bilete på overflodssamfunnet. At slike palass kan stå tomme i månader om gongen. Det har vore som å passera ein aude kyrkjegard. Så lite liv. Nesten grotesk. Og så alle dei store båtane som ligg i opplag, gjerandslause frå haust til sommar. Det er ein stor kontrast til min nordfjordfæring til 40.000 kroner og alle dei opplevingane den gir meg, filosoferer Kjell Tore.

Men unntaksvis har han møtt folk, og somme har også invitert han inn. Til ein varm dusj, ei seng og eit måltid.

Trur han kjem i mål

— Det takkar ein ikkje nei til, for noko av formålet med turen har nettopp vore å treffa kystens folk. Men eg hadde trudd det ville vera fleire av dei.

Over helga går turen vidare nordover. Kjell Tore er komen så godt i gang no at han reknar det som svært sannsynleg at han greier å fullføra. Med mindre noko uføresett skulle skje.

— Eg har stor respekt for Nordkapp og Finnmarkskysten, så eg kan vel ikkje seia at eg er forbi det verste. Men eg har iallfall eit fint parti framfor meg no. Oppover Vestlandskysten, forbi Trøndelag, Helgeland og Lofoten.

Og kanskje kjem sommaren ...

Fakta

Roferd 2015

Kvar: Går frå Skjærhalden i søraust, til Kirkenes i nordaust. Noregs lengste rotur.

Kven: Kjell Tore Solvang ror åleine ein open nordfjordfæring.

Kvifor: Ein hyllest til kystens folk og forfedranes slit. Eit ønskje om å sprengja grenser. Eitt mål er det også å gi barn med hjernesvulst ei inspirasjons- og meistringshelg i Hålandsdalen hjå Liv Grete Skjelbreid til hausten.

Distanse: 3300 km, meir enn ein million åretak.

Når: Starta 2. mai, framme 1. september etter planen.

Til no: Ein fjerdedel av turen er unnagjort, Kjell Tore ligg nokre dagar framfor skjema endå om han låg vêrfast i tre dagar i Egersund. Har tatt av 6 kg.

Lengste etappe til no: Frå Haugesund til Austevoll 21. mai (nitti km).

Nettstad: Roferd.no