Og løysinga til oppvekstdirektøren er: »Vektlegge å praktisere nulltoleranse for krenkelser i grunnskulen. Vektlegge arbeidet med elev-elevrelasjoner og med å bygge fellesskap». Fantastisk! For ei hjelp til den som var utsett for vald! Tåketale! Kva skal skje når ein lærar blir utsett for vald i morgon? Ingenting!

Direktøren har i alt ti punkter til hjelp og stønad til dei som treng det. Kva med nokre få enkle og klare reglar. Både reglane og reaksjonane på brot av dei må vere kjende av både elevar og foreldre. Rektor skal handle kjapt, når ein elev bryt reglane. Men statsråden gir ingen klare meldingar. Det skal vere opp til den einskilde kommune å løyse slike vanskar. Og kommunen, ved oppvekstdirektøren, sender stafetten til rektorane. Og ein svak rektor, rømmer inn på kontoret sitt, og gir ansvaret til læraren.

Det er trist å sjå den manglande klårleiken om reglar og konsekvensar frå både statsråd og oppvekstdirektør. Korfor kan ikkje statsråden lage sams reglar for heile landet? Kva hindrar oppvekstdirektøren å ha felles reglar i Kristiansand? Slik det ser ut for meg, er dei livredde for reaksjonar på regelbrot. Og taparen i skulen er dei elevane som oppfører seg skikkeleg og har folkeskikk.

Desse elevane vil lære, men bråk i klassen hindrar dei i å få med seg lærdom. Skuleresultata i Noreg er dårlegare enn me likar. Kanskje er det ikkje læreplanane som er grunnen til det? Sviktande sjefar får ikkje skulda for dei dårlege resultata. Studentar sviktar utdanninga til å bli lærar. Om få år vil det vere for få lærarar. Me kan håpe på ein betre skulekvardag både for tilsette og elevar. I mellomtida har me den skulen dei som styrer vil ha.