Tor Arnfinn Homme frå Kristiansand og Omegn skyttarlag vart hedra på heimebane tysdag. Kjell Arild Kleivkås

NM-vinnaren Homme vart feira på heimebane

Tor Arnfinn Homme vart klappa inn på skyttarhuset ved Farvannet av rundt 50 skyttarvenner og familie.

Brukergenerert innhold

Kjell Arild Kleivkås
Kristiansand og omegn skytterlag

KRISTIANSAND: Under årets landsskyttarstemne i Stjørdal stilte Kristiansand og Omegn skyttarlag med 23 deltakere, som var det laget med flest deltakere frå Sørlandet. Me hadde skyttarar i alle klasser frå yngste mann på 12 år til eldste mann på 84 år, fleire deltok i sitt fyrste landsskyttarstemne. Skyttarane stod for mange gode resultat og deltok i fleire finaler.

Beste resultatet stod Tor Arnfinn Homme for, han vart norgesmester i feltskyting for seniorer etter ei spennande omskyting.

Slik såg kaka ut. Kjell Arild Kleivkås

Dette ville sjølvsagt skytterlaget markerer og inviterte til kakefest etter treningen tysdag på Farvannet skytebane. Hovudpersonen viste ingenting på førehand og trudde han var på ei vanleg trening. Men stussa litt når det var i overkant mange på trening akkurat denne tirsdagen.

Topp tre i NM feltskyting. Frå venstre: Lars Lind frå Jordet og Tenaasen (nummer to), Tor Arnfinn Homme fra Kristiansand og Omegn (vinnar) og May Elin Frøyland frå Lyngdal (nummer tre). Linn Grødum Homme