Ut på tur – ei erstatning for fotballkamp og skirenn

Me kan lett halde oss i form og få litt frisk luft, sjølv om me ikkje kan kome på fotballtrening eller gå lange skiløp mange hundre i saman.

Publisert:

Frå turen i Fånekleiva, ved Fånefjellstunnelen i Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Brukergenerert innhold

  • Geir Daasvatn, Otra IL

Nå blir det nokre underlege veker framover. Mykje av samfunnsmaskineriet vil vere stengt ned. Me må alle ha omsyn med kvarandre, og gjere vårt beste for å vere med på å stanse spreiinga av koronaviruset. Men det er ikkje bra om me låser oss heilt inne heller. Me kan lett halde oss i form og få litt frisk luft, sjølv om me ikkje kan kome på fotballtrening eller gå lange skiløp mange hundre i saman.

I går var eg ein tur i Fånekleiva, ved Fånefjellstunnelen i Bygland. Kleiva var eit veldig bratt stykke på den aller første "hovudvegen" - Postvegen - oppover i Setesdal. Forbi Fånefjell kom vegen i 1842. I går var det fint grusdekke mest heilt til topps i kleiva, og ein nydeleg stad å vere!

Fånekleiva, Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Fånekleiva, Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Nokre heftige snøbyger gjorde bare opplevinga endå finare. Om det blir litt kjeisamt å sitte inne i dagane som kjem, ta deg ein tur hit, då vel. Her kan du vere heilt aleine, og ikkje risikere noko som helst. Skulle du møte på nokon, kan de bare gå på kvar dykkar side av vegen, helse fint og ynskje kvarandre god tur vidare!

Fånekleiva, Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Publisert:
Vil du skrive for Lokalsporten?
Rune Stensland, Fædrelandsvennens produktsjef for Lokalsporten, ønsker bidrag fra nye skribenter velkommen. Ta direkte kontakt med Rune på 975 97 785