Tuva Lislevand (t.h.) frå Oddersjaa var laurdagens raskaste i dameklassen. Foto: Privat

Testa haustforma på Hovden

Om lag 70 langrennsløparar trossa striregn og vind for å teste haustforma på Hovden.

Brukergenerert innhold

Stig Ertzeid
Hovden Sportsklubb
Publisert: Publisert:

BYKLE: – Vi var tross alt heldige med veret, for på tysdag i denne veka gjekk vi på ski i same traseen, fortel løypesjef Micke Pålsson.

Han opplevde laurdagens rulleskirenn som svært positivt.

– Det er fint med ein konkurranse på denne tida av året, slik at utøvarane våre på gymnaset kan sjå korleis dei ligg an på treningsfronten. I tillegg er det ei super treningsøkt fram mot vinteren, seier han.

Veret var ikkje av beste sorten, men stemninga var god.

Aadne Mykland frå Imås var kjappast i guteklassen. Foto: Privat

– Vi er godt nøgd med rennet og deltakinga, og vi merkar at det ligg forventingar i lufta før snøen kjem. Det såg ikkje ut til at massivt regnver gjorde noko med humøret på utøvarane, seier rennleiar Roar Hjelmeset, som styrte arrangementet med fast hand.

Gullgutane Storm Haugenes Pedersen og Niklas Ekeberg Pålsson (nærmast) frå Hovden sportsklubb. Foto: Privat

For utøvarane frå Setesdal gjekk det svært bra. Hovden Sportsklubb sine utøvarar hamna alle på pallen, med gull til Niklas Ekeberg Pålsson og Storm Haugenes Pedersen. Oda Ertzeid fekk sylv, medan Birk Haugenes Pedersen gjekk inn til bronse. Morten Kjetså frå Otra IL gjekk inn til 5. plass i gutane sin 17-årsklasse. Vi merka oss og ein spreking frå Valle, Hauk Rysstad, som gjekk styggfort i gutane sin 11-årsklasse.

Tuva Lislevand frå Oddersjaa var dagens raskaste i dameklassen, medan Aadne Mykland frå Imås var kjappast i guteklassen.

Neste store idrettsarrangement på Hovden er Hovdenrennet 7. desember, som ofte samlar 400 deltakarar.

Spreking frå Valle: Hauk Rysstad Foto: Privat

Publisert:
Vil du skrive for Lokalsporten?
Rune Stensland, Fædrelandsvennens produktsjef for Lokalsporten, ønsker bidrag fra nye skribenter velkommen. Ta direkte kontakt med Rune på 975 97 785