Andreas Van der Spa (i midten) frå ei tidlegare trening med Sogndal på Fosshaugane Campus. Andreas Van der Spa (i midten) frå ei tidlegare trening med Sogndal på Fosshaugane Campus. Foto: Rune Sjøberg

Sogndal-spelar på utlån til Arendal

Sogndal Fotball og Arendal Fotball er samde om ein utlånsavtale for Andreas Van der Spa (22).

SOGNDAL/ARENDAL: Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2021, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år.

Den 196 cm høye midtstopparen Andreas Van der Spa kom til Sogndal midt i sesongen i fjor frå Øygarden, men det vart begrensa med speletid for den unge karen frå Bodø, og han vil no få sjansen til å få bra med speletid i ein god klubb i PostNord-ligaen.

Andreas står med ni kampar i Kvitedrakta så langt. Han er ein kar frå Bodø som er flaska opp i Glimt-systemet. Han starta med fotball i Vinkel i lag med Jens Petter Hauge, der pappa Hauge var trenar. Då han var 12 år, gjekk han til Glimt. 

– I Arendal vil vil Andreas kome inn i ein god kampkvardag der han får spelt viktige kampar i ein god liga, dette vil utvikla han vidare, seier Sogndals sportssjef Håvard Flo, som kjenner Arendal godt.

I Arendal vil Andreas ha Roger Risholt som hovudtrenar. I trenarteamet kan me óg finna sogndølen Bjørge Fedje, som står med ni kampar i keeperdrakta vår, og den gamle storspelaren Tommy Svindal Larsen. Me ynskjer Andreas lukke til på Sørlandet, og ser fram til at han kjem tilbake til oss. Då Andreas kom til Sogndal i fjor høst, sa han blant anna:

– Mange trur at eg er ein litt keitete midtstoppar, sidan eg er så høg, men eg føler meg komfortabel med ballen i beina og spelte midtbane tidlegare. Eg likar å ta tak, og eg pratar mykje baki forsvaret der.

Denne artikkelen ble først publisert her