Bak frå venstre: Alpinistane Jarl Emil Sørensen og Sondre Andersen. Foran frå venstre: Rektor og tenesteleiar Rønnaug Torvik, langrennsløparane Oda Ertzeid, Storm Haugenes Pedersen og Niklas Ekeberg Pålsson. Eivind Andre Moe

Ung idrettssatsing i Bykle

Lokal ungdom frå Bykle og Hovden får nå moglegheita til å snuse på toppidrettslivet.

Brukergenerert innhold

Stig Ertzeid
Hovden Sportsklubb
Publisert: Publisert:

BYKLE: - Me har inngått eit formalisert samarbeid med Hovden skigymnas, der elevar på 9. og 10. trinn deltek på trening i skuletida, fortel tenesteleiar ved Bykle barne- og ungdomsskule, Rønnaug Torvik.

Kvar onsdag dreg lokale langrennsløparar og alpinistar frå skulen ved lunsjtider, og i enkelte veker får dei vere med på treningssamling med skigymnaset.

– Timeplanen vår er tilpassa slik at dette går an å få til, og vi håpar opplegget kan bidra til at fleire av våre elevar nyttar seg av Hovden skigymnas når dei skal ta vidaregåande opplæring, seier ho.

For skuleåret 2019/2020 deltek fem elevar.

Dei heldige langrennsløparane Oda Ertzeid, Storm Haugenes pedersen og Niklas Ekeberg Pålsson foran alle langrennsløparane ved gymnaset. Svein Olav Utistog

– Me hadde ein prosess i vår, der elevane måtte søke om opptak. Tre langrennsløparar og to alpinistar søkte skigymnaset om plass, og fekk grønt lys. Dette er eit spanande opplegg som eg gler meg til å følgje, seier tenesteleiaren.

Ho trur at dette kan vere ein stor motiveringsfaktor.

– Dette er elevar som er motiverte og satsar stort på idretten sin. Det må vere flott å kunne vere ein del av eit større treningsmiljø. Eg kjenner og til andre skuler i landet som gjer noko liknande, seier Torvik.

Avdelingsleiar ved Hovden skigymnas, Gøran Høyvik Ulltang er og svært nøgd med ordninga.

- Lokal fokus er viktig for oss, og eg er svært nøgd med at dette nå er på plass, seier han.

Ungdommen sjølv er i hundre over moglegheita dei nå har fått.

– Me er godt i gong med treninga. Dette er knallbra og svært motiverande, seier dei.

Publisert:
Vil du skrive for Lokalsporten?
Rune Stensland, Fædrelandsvennens produktsjef for Lokalsporten, ønsker bidrag fra nye skribenter velkommen. Ta direkte kontakt med Rune på 975 97 785