Geir Daasvatn (58) frå Evje fekk på Idrettsgalla Sør laurdag prisen som Årets ildsjel i Aust-Agder. Dette bildetet er tatt i 2015. Rita Flottorp

Takk frå ein dugnadsarbeidar

Bileta av meg sjølv som topptrent fotballspelar på eit bra nivå i 1977, og som uføretrygda dugnadsmann i dag, fekk meg til å tenke litt på korleis livet kan utvikle seg.

Brukergenerert innhold

Geir Daasvatn, Otra IL

Laurdag var eg så heldig å bli utpeika til «Årets ildsjel» i Aust-Agder på Idrettsgalla Sør i Kristiansand. Det er eg veldig takksam for. Takk til de som hadde føreslått meg til prisen. Takk til lesarane av Agderposten som stemte meg fram til denne heideren. Takk for alle helsingane og gratulasjonane nå i etterkant. Til sist – takk til Otra IL som har vore ein stor del av livet mitt sidan eg var 14 år.

I dag fekk eg ei veldig triveleg helsing på Facebook frå Thore-Erik Thoresen. Han var journalist i Aftenposten i 1977, og skreiv fleire reportasjar i avisa om turen min til England og Manchester United den sommaren. Saman med  hyggelege ord sendte han ein kopi av avisa frå 1977. Det var rart å sjå igjen bileta og historien, etter så mange år.

I 1977 prøvespilte eg for Manchester United, utan å få kontrakt. Dei to andre på biletet frå 1977 er Brian Greenhoff (i midten) og A-trener Tommy Cavanagh (til høgre). Aftenposten

Det er underleg korleis livet kan gå.

Bileta av meg sjølv som topptrent fotballspelar på eit bra nivå i 1977, og som uføretrygda dugnadsmann i dag, fekk meg til å tenke litt på korleis livet kan utvikle seg.

Når eg i livet seinare har tenkt på det som hendte i 1977, veit eg at eg ikkje var bestemt til å bli ein av dei beste fotballspelarane. Eg hadde kanskje det som skulle til av tekniske, fysiske og taktiske evner på banen. Men for å bli toppidrettsutøvar, må du også ha spesielle mentale eigenskapar. Du må vere svært målbevisst, litt egoist på eigne vegne, og ha sterk sjølvtillit. Alle dei gode mentale eigenskapane som blei framheva under Idrettsgallaen laurdag kveld.

Det hadde ikkje eg på den tida. Eg spelte fotball fordi det var det gøyaste eg visste. Eg kunne stå i timesvis på jordbanen på Hornnes gymnas og skyte på mål. Men eg hadde ingen målbevisst plan om å bli proffspelar. Eg var ikkje sjølvbevisst, og trudde heller at andre ville lukkast. Og eg hadde ikkje sterk sjølvtillit, men var usikker på min plass i verda.

Mange har spurt meg i dei meir enn 40 åra som er gått, om eg syns det er leitt at eg ikkje blei proffspelar i Manchester United. Med handa på hjartet kan eg seie; nei, det gjer eg ikkje. Eg kunne uansett ikkje blitt fotballspelar på det nivået, med mine eigenskapar. Dette skjønte eg kanskje ikkje då. Men seinare i livet har eg fått meir livsrøyndom, og forstått at slik var det.

Dugnad på fotballbanen på Hornnes i 2009. Privat

I staden for proffspel, mykje pengar og berømmelse, passa mine eigenskapar ganske godt – trur eg – til å bli ein trugen dugnadsarbeidar og ein støttespelar og ven for borna og ungdommane i mi eiga heimbygd. Det var ikkje Old Trafford som blei min arena, men Evje stadion.

Mange vil nok tru at det er ein frykteleg nedur. Men for meg er det ikkje slik. Det glade smilet frå ein liten gut eller ei lita jente som endeleg fekk til å strekke vrista og skyte eit skikkeleg skot, var for meg like mykje verdt som ein million. Å sjå den nye kunstgrasbanen, som me hadde jobba så mykje for, vrimle av ungar i glad leik, gav like mykje glede i mitt sinn som å spele på juniorlandslaget i 1978.

Heile laget må fungere – saman.

Eg lærte ein veldig viktig ting då eg var svært sjuk med kreft, og til behandling på Radiumhospitalet i 2013. Dei eg hadde mest kontakt med, var utruleg dyktige legar og sjukepleiarar som var så omsorgsfulle og tålmodige at det mest ikkje skulle vere mogeleg. Men rundt alle desse «ekspertane» i verdsklasse, farta andre forbi med vasketralla eller søppelsekkane. Eller dei frakta pasientane rundt i korridorane i sengene sine.

Eg veit at det sjukehuset, som er livsviktig for mange menneske i dette landet, måtte ha blitt stengt i løpet av ein dag eller to om ikkje reinhaldet og søppeltømminga hadde vore i orden. Det eg skjønte veldig klart, var at sjukehuset bare kunne fungere om legane og sjukepleierane – «stjernene» – og reinhaldsarbeidarane – «kvardagsmenneska» – fungerte saman som eit team.

Slik ser eg også på mitt liv, og på idretten. Eg passa ikkje til å bli ein stjernespelar i fotball. Det hadde eg ikkje dei rette eigenskapane for. Sjølvsagt kunne eg prøvd å jobbe meir med det mentale, og styrka meg der. Men det er ikkje så lett å tenke eller vite når ein er 16 år. Og det er vanskeleg å endre på heile personlegdomen. Eg trur at eg i staden passa til å bli god på frivillig arbeid, ein bra dugnadsarbeidar på grasrota. Dei eigenskapane som hindra meg på fotballbanen, blei ei styrke i kvardagen.

Eg bryr meg om alle på laget, eg er glad i alle, eg kjenner lukke når andre lukkast, eg syns det er gøy å klyppe plenen att og fram i dag ut og dag inn, eg kan plukke søppel etter andre i årtider utan å bli lei, eg er tålmodig med ungane sjølv om framgangen kanskje let vente på seg, eg mistar ikke livsgleda om eg er alvorleg sjuk, eg gleder meg når det tindrar i augene til borna. Når ein av ungdommane «mine» ei sjeldan gong tek steget vidare og oppnår noko på fotballbanen, tykkjer eg det er stort. Men aller størst er det når eg ser at det går godt med dei vidare i livet.

Her er eg i midten bak, frå laurdagens Idrettsgalla. Åge Harald Drangsholt

Eg beundrar Ole Gunnar Solskjær for alt det han har oppnådd på fotballbanen. Eg har ein enorm respekt for dei som er idrettsstjerner. Det er fantastisk å følge Martin Ødegaard i Spania. Han har alt som skal til for å nå til topps. Ståle Solbakken oppnår enorme resultat som fotballtrenar i Danmark. Idretts- og trenarstjernene våre har dei rette eigenskapane, og har jobba utruleg hardt for å nå toppen.

Likevel kjenner eg ikkje noko på at eg skulle ønske at det var meg som var berømt, som blei OL-meistar eller tjente mange millionar i året. Sjølvsagt drøymde eg i ungdomstida om å dempe ballen på brystet, og knalle han i vinkelen på heil volley. På Old Trafford. Foran Stretford End. Men det var, når alt kom til alt, ikke for meg. I staden prøvde eg, ut frå mine forutsetningar, å jobbe jamt og trutt på grasrotnivået, der eg passa best.

Ver ven med deg sjølv!

Eg set pris på at nokon har sett arbeidet eg har gjort, og meiner det kan fortene ei utmerking. Men innerst inne gjeld det aller mest at kvar og ein av oss finn meining i livet og har det godt med oss sjølve. Det gjeld anten du er på veg til å bli verdsmeistar i langrenn eller «bare» vasker draktene til laga i klubben din. Anten du er direktør og styrer ein stor bedrift eller usikker ungdom på veg ut i livet. Om vi har det bra med oss sjølve, kan vi også gjere mest godt for andre. Det er min teori. Eg har – nesten – slått meg til ro med meg sjølv, mine svake og gode sider som menneske, og håper eg skal få sjansen til å bruke dei i mange år endå. Til det beste for borna og ungdommane her heime i den kjære heimbygda mi.

Takk!

Les også:

I dag skulle Finn blitt 60 år